Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Du har kanskje fått med deg saka om dei eldre i Sørum som ikkje lengre får mat laga av kokken på sjukeheimen - men ferdigmat som er frakta over 500 kilometer. Du har kanskje og fått med deg at NHO kvart år kårer norges beste kommunar i eit kommunebarometer. «Kommune NM» Visste du at ein kommune som kvitter seg med kokken på den kommunale sjukeheimen og i staden kjøper ferdigmat - automatisk vil gjera det betre i NHOs kommunekåring? Eit av målekriteria til NHO er: «Kommunens kjøp av tjenester fra private i prosent av brutto driftsutgifter» Litt sett på spissen så vil, i fylgje NHO, kommunen bli betre om ein bytter ut verdas beste kokk med oppvarma kattemat kjøpt gjennom anbod. Dei kommunane vil truleg og komma betre ut på målekriteriet «Befolkningen over 80 år i prosent av befolkningen i yrkesaktiv alder i 2037» med ein slik politikk sidan fleire truleg vil leva kortare. Dette dømet viser kor gale det kan gå når ein legg til grunn høgreside-ideologi for måling av kor godt samfunnet er.

Postet:
2018-09-29 09:25:50

Delt innhold:
La ned kjøkkenet på sykehjemmet - nå blir maten fraktet 500 kilometer
De pårørende raser. Ordføreren forsvarer beslutningen og mener de vil spare millioner.