Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Enkelte er veldig opptekne av «merkelapper» i politikken. Dei set merkelapper på seg sjølv og på andre. «borgarleg»? Kva i alle dagar betyr det? Ein som bur i borgen? Ein som tilhøyrer borgerklassen? Ei motsetnad til å vera bonde? Ein som liker partiet Høgre? Eg har aldri følt med korkje borgarleg eller ikkje-borgarleg. Det er eit omgrep som høyrer heime på historia si skraphaug etter mitt syn. «ikkje-sosialitisk»? Eg går ikkje rundt og kjenner på at Norge er delt på midten i ei sosialistisk og ei ikkje-sosialistisk fløy. Du skal vera nokså kreativ for å meine at det er ei stor sosialistisk gruppe i Noreg. Dei fleste parti legg til grunn ein marknadsøkonomi og så ynskjer ein ulik grad av politisk styring. Og kor ille står det ikkje til med sjølvinnsikta når ein må definera seg sjølve ut frå kva ein ikkje er for noko. Det er både utan innhald og utan meining. Den klassiske høgre-venstre aksa er ikkje særleg eigna som korkje kart eller kompass i ei kompleks verd. Ideologiar har framleis noko for seg - men då må ein halde seg til innhaldet og ikkje berre namnet. Så mitt råd er: Slutt med merkelapper. Fokuser på sakene og den politiske retninga. Kva vil me med Norge og med verda.

Postet:
2018-09-30 10:15:13