Eg har opplevd hår i suppa før, men dette er første gongen eg har opplevd mobil i suppa 🙄😅 #huffameg
Rusky vart fødd på nasjonaldagen vår og blir fire år i dag. Eg er i Oslo og helsar både dykk og hunden herifrå. Gratulerer med dagen🇳🇴🌷🇳🇴 #nasjonaldag #gebursdag #hund
Når ein først skal arbeide på helg, var det fint å begynne dagen med ein tur på Akershus festning og så ta ein tur oppi Slottsparken etter at økta var over. Og utsikta frå kontoret ut mot Løvebakken og eit flaggpynta Grand Hotell er upåklageleg😊 #oslo #slottsparken #akershusfestning #vår #stortinget
Ja, eg veit eg er barnsleg 😂 men sjekk kalendervarselet om denne saka vi har i justiskomiteen nederst på dette skjermbiletet. Eg les ekornloven kvar gong🙈😅
Så kjekt å treffe desse to i går - som hadde køyrt over 50 mil med traktor for å markere verdien av norsk landbruk. Lysta til å halde fram med å produsere rein norsk mat framover er stor; no må bøndene få løn som står til innsatsen. #norgetrengerbonden #landbruk #norskmat
Flott markering med traktorar i Oslo i dag! Norske bønder treng vår støtte for eit betre jordbruksoppgjer som grunnlag for matproduksjon i heile landet #norgetrengerbonden #landbruk #matberedskap #senterpartiet
Må legge ut eit bilete til av den katten eg presenterte med nokre andre bilete i stad. Den hoppa oppi fanget til ei som trudde ho berre var hundemenneske😅 For eit vakkert dyr! #katt #vårfrelsersgravlund
Dette var dagen då hundemennesket vart forelska i ein katt! Denne vakre skapningen viste seg for oss to som sat på benken, og jammen hoppa den ikkje oppi fanget vårt òg. #vårfrelsersgravlund #katt #koselegmeddyr
Vårstemning i Vår Frelsers gravlund sjølv om det er ganske kaldt enno🌷#vår #vårstemning #oslo
Eg sørga i mange år over at eg aldri fekk piano som lita, og tenkte at det var for seint. Men som trettiåring lot eg det stå til og kjøpte meg eit gammalt piano og ei lærebok. Eg blir aldri nokon konsertpianist slik draumen var som lita. Eg begynte for seint og kan øve veldig lite på grunn av både tidsmangel og kranglete musklar. Men gleda er stor over kvart eit lite framskritt. Som no, når eg endeleg klarer denne lille snutten rimeleg feilfritt ein av ti gongar😅 #musikkglede #småframskritt
Må innrømme at det er stor stas å finne boka mi i kioskhyllene på Kristiansund lufthamn Kvernberget 😍 @spartacusforlag #dønndistré #distré #boktips
Triveleg fredagssyssel! Eg sit og signerer nokre haugar med bøker som ei bedrift vil glede sine tilsette med. Mange komiske surrehistorier og lettlese fagstoff om å vera distré kan forhåpentlegvis muntre opp i desse koronatider😊 #dønndistré #distré #boktips @spartacusforlag
Gromme lam høyrer våren til, og dy for ein innsats dyktige bønder legg ned under lamminga - stor omsorg og mange nattetimar i fjøset. Eg besøkte sauebonden Ingrid Heggset i Surnadal denne veka, og fekk treffe kosete sauer med nusselege lam. Ingrid legg ut mange fine bilete av dyra sine under namnet ingridh.sau1.2.3. #sau #lam #vår
Månen strør litt glitter i Todalsfjorden i Surnadal kommune no. Her ser vi innover fjorden frå Nordvik.
Eit boktips frå meg: Lykkekuren er ei klok, lærerik og praktisk retta bok om korleis vi kan finne meir glede og lukke både kvardagar og helger. Og det unner eg dykk😊 #boktips
Stabel til bruk under Teams-møte, for å få plassert mobilen høgt nok😅 Men for all del, bestill gjerne boka mi de som vil, for bunken kan etterfyllast😊 199 kroner for ei lita bok med mange historier og ny kunnskap om det å vera #dønndistré #distré
Jammen er det vårleg i Oslo no. Eg har feira våren med å kjøpe muntre og fargerike trøflar🤩 Halvparten er allereie spist; godt eg tok biletet i tide😂 #vår #godsaker