Vel overstått nasjonaldag🇳🇴 Rusky feira femårsdagen sin og geitene muntra opp i bakken framfor huset. Eit besøk i Østbødalen var kjekt før ferjereise og Oslo-tur igjen. #syttendemai #syttandemai #nasjonaldag #surnadal #østbødalen #nordvik #kvannerykkjem
Luftetur med hunden er fint i kveldssola heime på Nordvik i Surnadal. Vakre Nordmøre😊 #nordmøre #nordvik #surnadal
Fleire som gler seg til varmare tider? Eg muntrar meg opp med bilete frå min barndoms dal, Søyådalen i Surnadal kommune #søyådalen #søyåa #surnadal #nordmøre #vakkert
Fin skumringstime i går #vinter #skumring #surnadal #nordvik
Dagane blir stadig lysare sjølv om vinteren held taket i oss ei stund til #vinter #nordvik #haltbakkan #nordviksulå #todalsfjorden #surnadal #indrenordmøre #nordmøre
Benken ved fjorden nedanfor huset vårt gir plassen endå litt meir sjarm. #vinter #snø #nordmøre #nordvik #surnadal
Det er berre så fint med snø utover landskapet og på trea slik som dette. Bileta er frå Nordvik i Surnadal. Godt det er meldt kaldt og vindstille i morgon òg, så dette får halde fram litt til. #snø #nordvik #surnadal #nordmore #vinter
Strålande fint haustvêr! Nordvik med Nordviksulå bak. Skjerdingfjellet og Snøfjellet er med til høgre på den andre biletet. #indrenordmøre #surnadal #nordvik #haust #todalsfjorden
Flott haustdag med fønvind og vakker himmel i går #nordvik #surnadal #nordmøre #haust
Myrull, fjellheim og fjord på indre Nordmøre. Godt med sommar! #nordvik #surnadal #nordmøre
Spesiell stemning ytterst i Todalsfjorden sett frå Nordvik i Surnadal, september i fjor. Ferja Kvanne-Rykkjem går trufast uti der med triveleg mannskap og bind kommunane Surnadal og Sunndal saman. #surnadal #sunndal #kvennaferjå #utanfilter
Fleire som lengtar etter sommarhalvåret? Her minne frå hausten 2019 med fleire bilete av vakre admiralar. Dei brukte sommarfuglbuskane våre som heim nokre dagar då🦋❤️ #sommarfugl #nordmøre #nordvik #surnadal
Utsikta heimefrå på Nordvik i Surnadal skiftar med vêret og lyset - mange ulike bilete her. Eg liker veldig godt desse trea nede ved fjorden. Svartor og furu som vart ståande att med overlegg og som pyntar opp😊 #fjordutsikt #surnadal #nordvik #nordmøre
Utløpet til Søyaelva sett frå Kvennaferjå #kvannerykkjem #pendling #nordmøre #surnadal
Eg er ikkje heimikring sjølv no (koronafast i Oslo), men eg trøystar meg somtid med å sjå på snuttar av Rusky, som er full av livsglede. Artig vesen😊 #hundeliv #hund #nordmøre #nordvik #surnadal