Innlegg:
					
					
						Dette er den vakre lille låven på småbruket Plassen på Nordvik i Surnadal. \n\nDen minner meg om alt strevet generasjonane før oss har hatt med å skaffe nok mat til familien. \n\nViss vi først skal skjemmast for noko, skal vi ikkje ha kjøttskam. Krattskam kan vi derimot heller ha:\n\nVi bør skjemmast over å la kratt og skog breie om seg på dei områda der generasjonane før oss streva for å halde beitemark og dyrkamark open.\n\nSlik Dagros var verdifull for hundre år sidan, er ho verdifull for oss no òg.\n\n#norgetrengerbonden #norsklandbruk #nordvik #krattskam					
											
						
							Emneknagger:
						
						
										
					
						Postet:
					
					
						2023-05-14 19:11:11