Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Haha, dette var ein vanskeleg selfie å ta, med føtene på kontorpulten på Stortinget for anledninga. Ikkje det at eg har så lange og smekre bein, men dei nekta lenge å bli med på biletet😅\n \nEg feirar nasjonaldagen dels med arbeid og dels med pølse og is.\n \nBak meg på skjermen er innlegget mitt i Aftenposten, der eg spør om eit kjøttfritt Oslo kan vera landets hovudstad. \n \nHeldigvis var det ekte pølse å få i hovudstaden i dag, men ein kan lure på kor lenge det vil vare. Byrådet i Oslo er jo i ferd med å utvikle ein mental allergi mot kjøtt. \n\nEg heiar på eit variert kosthald og matproduksjon på norske ressursar i heile dette vakre landet vårt.\n \nFlagging mi i dag skjer ved hjelp av servietten med små flagg i raudt, kvitt og blått.\n\nGratulerer med nasjonaldagen alle mann! 🇳🇴❤️🇳🇴\n\n#nasjonaldag #norskmatproduksjon #gratulerermeddagennorge🇳🇴

Emneknagger:

Postet:
2023-05-17 14:58:19