Beta
Søket ga 368 treff.
2022-12-17 21:01:22

Eg kunne fått ein pris for å vera god til å påkalle meg vrede🙈😅 men jammen har eg ikkje vorte kalt engel denne veka! Eg har fått blomster òg, det er ikkje kvardagskost. Og eg fekk tips om at eg har hamna i Her og Nå. Oppturen vil altså ingen ende ta🤩😅 #herognå #blomster

2022-12-17 16:24:20

Sagene kirke med nysnø #oslo #sagenekirke #sagene

2022-12-15 17:05:17

Som tjueåring følte eg at eg ikkje passa inn i jenterolla. Men som vaksen innser eg at ein godt kan vera eit ordentleg kvinnfolk utan å vera eit typisk kvinnfolk. #mangfald #modning

2022-12-14 18:51:12

Ytterbakkan i Østbødalen, rett ved der eg vaks opp. Nedlagt småbruk med hus og fjøs i eitt bygg. Den enorme grana er eit landemerke i dalen #surnadal #nordmøre #østbødalen #snø #vinter

2022-12-14 12:02:49

Vinterkledde Østbødalen og Søyådalen, same dalføre #surnadal #nordmøre #østbødalen #vinter #snø

2022-12-13 13:20:33

Austerbakkan, siste huset før Østbødalen går over til Søyådalen #surnadal #nordmøre #østbødalen #snø

2022-12-11 17:34:55

Tre gradar i vatnet og sju minus i lufta; eg tok dei to første bileta medan eg var uti fjorden😊 Dette frå ei badeøkt ein time før midnatt i helga. Øving i sjølvdisiplin! Men faktisk ei stor oppleving også😊 #isbading #vinterbading #måneskin #måneskinn

2022-12-07 21:07:11

Toleranse går fint hand i hand med faktakunnskap om kjønn. På Nettavisen.no finn de podkasten Ness, der eg understrekar at folk sjølvsagt må få føle seg som det dei vil. #kjønn #kjønnsdebatt #nettavisen

2022-12-03 19:34:56

Fint med rim😍 (Og hjelp meg gjerne: Kva for eit er finast, det første eller det andre?) #rim #frost #vinter

2022-12-03 14:08:51

Portrett av ein stein i fjæra #frost #rim #vinter

2022-12-02 23:12:36

Måneskinsbad ein time før midnatt med stemningsfull frostrøyk😊 #vinterbading #vinter #måne #nordmøre #nordvik #surnadal

2022-12-02 15:26:59
2022-11-28 22:10:47

Eg har fylt år i dag og har kome halvveges til 94. Eg planlegg å stille opp i stortingssalen sjåande ut som på bileta i morgon, for vise at eg er passeleg fit for fight igjen🤩\n\nEin fan laga ein gong ein filmsnutt med ansiktet mitt ved hjelp av deepfake, av alle ting frå filmen Wonderwoman. Før eg forstod kva han hadde gjort, var eg oppriktig forundra over at det fanst ein skodespelar der ute som var så lik meg. I ansiktet vel å merke, så smekker kropp har eg aldri hatt😂 #fitforfight

2022-11-27 19:40:18

Eg blar i eit album med gamle bilete og finn desse tre bileta av meg og litjbror min, Bernt. Det veksla mellom søskenkjærleik og krangling, som med søsken flest. Her ser det ut som om det var eg som var mest slitsam🙈 Cirka 1980🥰 #søsken #gamledagar #barndom

2022-11-27 12:14:45

Redd for å bli blind? Det er eg òg. Veldig.\n\nRisikoen for å bli blind er liten. Men risikoen for å bli blind for det vakre og forunderlege som er rundt oss er stor - også om synet er i orden.\n\nGår vi til dømes med hovudet ned i mobilen i kvar ei ledig stund, kan vi umogleg ha sjela og sansane opne.\n\nHer er mobilen berre brukt som kamera, med flymodus på - og sjå kva eg fann i dei tilfrosne sølepyttane. \n\nDen lille nissen gler seg til jul, gjettar eg på. Skriv gjerne kva de ser:) #frost #vinter #iskunst

2022-11-26 21:16:44

Eit glimt til av Plassen på Nordvik i november #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #haust #nostalgia #nostalgi

2022-11-25 16:51:22

To glimt frå Plassen, nede ved fjorden på Nordvik i Surnadal. Svært velkomen novembersol etter regnsommaren her på Nordmøre. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #november #haust #låve

2022-11-23 19:51:27

Sjå vinter- og så sommarbilete frå to stader i dalen min ved å bla:) Det første er frå i dag. Eg driv nemleg med "helsereiser" inn i dalen der eg vaks opp denne veka, for å få skikk på skrotten no medan eg er sjukemeldt. Eg er så glad i dette dalføret der Østbødalen er den bebudde delen og der det heiter Søyådalen lenger innover. #østbødalen #søyådalen #minbarndomsdal #helse #natur

2022-11-23 09:55:12

Åh! #rim #frost #snartvinter

2022-11-21 21:43:46

Denne veka skal eg klemme dette treet igjen. Eg er sjukemeldt ei veke og må rett og slett ta livet med ro for kroppen sin del. Det er eg ikkje god til, men dalen min bruker å få meg nedpå. Derfor skal eg dit, til Østbødalen der eg vaks opp, og den enorme grana på Ytterbakkan. #helse #talivetmedro #østbødalen

Laster...
Laster...