Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Sjølvsagt vart eg glad for å bli omtalt som Norges modigaste politikar. \n\nMen motet mitt eksisterer ikkje i eit vakuum - det er sterkt og uthaldande fordi så mange av dykk ber meg stå på og fordi fleire i ulike roller viser mot.\n\nI debatten om kjønn blir vi som ytrar oss om vitenskap og fakta gjort til fiendar av folk som i toleransens namn liker å stemple andre. \n\nDessverre liker somme av desse også å ta frå andre levebrødet. \n\nDet er dramatisk og forkasteleg.\n\nLærarar, jordmødre, psykologar, legar og journalistar og folk i alle moglege andre posisjonar kan bli uthengte og somme kan miste kundar og inntekt.\n\nMen enn alle dei som er heilt avhengige av stadig nye oppdrag, som kunstnarar, musikarar, skodespelarar, frilansarar, arkitektar, handverkarar og kurshaldarar?\n\nUrovekkande mange slike kontaktar meg for å fortelle at dei ikkje tør å seie kva dei veit og meiner om kjønn fordi dei må unngå å miste inntekta si for å kunne forsørge seg sjølve og familien.\n\nEg har forståing for at mot til å ytre seg går bak omsynet til levebrødet for mange, men i eit land med ytringsfridom kan vi ikkje ha det slik. \n\nMi oppmoding er at vi må gå til kamp mot forsøka frå den eine sida i kjønnsdebatten på å ta frå folk omdømme og levebrød med usakleg stempling og koordinerte varselkampanjar. \n\nBotemiddelet er faktisk å vera mange, mange og endå mange fleire som tør å ytre oss. \n\nMotet mitt er lite verdt aleine, men det kan saman med mange andres mot verne samfunnet vårt mot uredelege forsøk på å ramme ytringsfridomen og levebrødet til meiningsmotstandarar. \n\n#ytringsfrihet #kjønn #debatt #demokrati #mot #fakta #vitenskap #ytringsfridom

Emneknagger:

Postet:
2023-07-14 21:30:52