Beta
Søket ga 262 treff.

I dag har me fått ta i mot våre heilt eigne medisinstudentar 🤩\n\nDenne veka startar sju studentar gjennom Vestlandslegen - og skal gå dei tre siste åra her i Stavanger.\n\nMålet er mange fleire medisinstudentar i Stavanger og å utvida til Haugesund. Då treng me fleire studieplassar! Det skal eg kjempa for 💪🏽\n\nDei er SÅ etterlengta og me treng dei så sårt, både på dei to sjukehusa våre, men ikkje minst i kommunane! Difor var det kjekt å ha med toppkandidatane i Sola og Sandnes på opninga i dag 🙌🏽

Lykke til alle studentar!\n\nVar med på semesterstart på Universitet I Stavanger - spesielt stort var det å snakka med nervøse, men motiverte sjukepleiarstudentar. I 2017 stod eg der sjølv. Nyt studenttida ❤️

Me skal få ein betre, breiare og tryggare veg over Fikse! Nå ser det ut som at dei kan begynna å bygga allereie til våren 👷🏽‍♀️\n\nHaugalandspakken skulle avsluttast i år, utan at alle vegprosjekta var blitt fullført. Å få ein breiare veg med gul stripa heile vegen mellom Ølen og Etne var eit av desse prosjekta. \n\nLokalt såg ein ei opning då det vart høve til å forlenga denne pakken, fram til neste pakke kjem om nokre år. Mange har jobba godt lokalt for å få dette til, så det var berre for meg og andre å pressa på slik...

Å legga ned losformidlingstenesta på Kvitsøy bryt med retningslinjene me har for statlege arbeidsplassar! Desse arbeidsplassane må bestå.\n\nMe treng sikkerheita og lokalkunnskapen dei har. Grunnen til at me har gjeve 10 millionar til ny skule på Kvitsøy og at ferja blir gratis frå neste veka er fordi me ønsker at det skal og at det MÅ bu folk på Kvitsøy!\n\nHøyr gjerna meg på radioen i dag og les link i kommentarfeltet 👇🏽

..og DER var dei late dagane over!\n\nNå er eg klar for alt som skal skje i haust! Me skal behandla opptrappingsplan for psykisk helse og eldrereform, regjeringa skal legga fram plan for helseberedskap og den store og massive nasjonal helse- og samhandlingsplan og mykje, mykje anna🚨🧑🏻‍⚕️🩺\n\nEg har ledig tid i haust til besøk og/eller møter om stort og smått innan helse - det er faktisk den beste delen med det å vera stortingsrepresentant! Ta kontakt på lmnk@stortinget.no så avtalar me ei tid 🫱🏻‍🫲🏼

Ein stor dag for Rogaland 🤩\n\nGratulera til den nye landbruksministeren Geir - og velkomen til Tor Inge til Stortinget! Ser fram til å fortsetta å jobba med viktige saker for rogalendingar med desse to. Me har mykje å bretta opp ermane for 💪🏽

ROSETOGET\nMeningsløsheten stod midt mellom oss\nvi kunne ha steinet den på flekken\nmen så tenkte vi\nda blir vi som deg\nså vi plukket opp alle hjertene vi fant\nog kastet dem så hardt vi kunne\nvi var kjærlighet\nvi ble kjærlighet\nvi er kjærlighet\n\n- Trygve Skaug\n\nDet var mot oss alle dette blei gjort. Ein enkelt mann angreip OSS. Det er ME som kan visa kjærleik. Saman.

Fine dagar i Skånevik, Kristiansand og til fjells i Telemark 💚 Håpar de har gode sommardagar kor enn de er!

Hurrahurra!! Gladsak i dag for det nye sjukehuset vårt i Stavanger 🤩\n\nMed litt meir hjelp frå regjeringa kan dette skje: \n«Det betyr altså at første spadestikk for neste byggetrinn plutselig kan være innen rekkevidde i løpet av de neste fem årene, og senest i 2028.»\n\nMe har jobba så masse for at det skal gå kortast mogleg tid til heile sjukehuset er ferdig. Dei ekstra millionane me løyva før jul og nå i vår har verkeleg vore gode å ha på vegen 🫶

Det er synd at dei nye nordiske kosthaldsråda bommar på mål. Det hjelper ikkje at belgfrukter er sunt, når det er kjøt, fisk, frukt og grønt me får til i dette landet. \n\nEg har stor tru på at når me har fått tygd dette, så vil framleis dei norske kosthaldsråda ta omsyn til beredskap og våre naturressursar 🐮🐟🐏🍎🥕\n\nKva tenker du? Er det viktig med kosthaldsråd som folk faktisk kan følge? Er det viktig at råda skal ta mest mogleg omsyn til sunnheit og miljøet?

Rett til Frankrike i Europarådsmøte!\n\nI dag har eg snakka om korleis det var å vera sjukepleiar under ein pandemi og viktigheita av å vera førebudd på ein ny pandemi. \n\n«Før eg kom inn på Stortinget jobba eg som sjukepleiar. I starten av 2020 jobba eg med kreftpasientar på sjukehuset og på sjukeheimen. På den tida var eg redd. Eg var redd for meg sjølv og for pasientane mine. Det var ei forferdeleg kjensle, og eg håpar at eg aldri kjem til å kjenna det sånn igjen. Det eg var mest redd for var å smitta ein pasient, eller i versta...

Årets første Joa bær frå Sola 🤩\nNå blir det jordbær til alle måltid! 🍓

Har blitt saksordførar på vegner av helse- og omsorgskomiteen på opptrappingsplanen for psykisk helse! Det vil seia at eg har fått ansvar for å losa den gjennom komitébehandlinga 🤩\n\nKom gjerne med tips om det er noko eg må ha ekstra fokus på innan psykisk helse 🙌🏽

At Haugalandspakken blei forlenga i dag betyr at me får god og brei veg over Fikse (og betre vegar fleire stadar utover Haugalandet) 🙌🏽\n\n«Me må vera trygge på desse vegane. Me må vera trygge på at me får våre kjære heim. For det er me ikkje idag».\n\nEg er glad for at regjeringa og transportkomiteen (utanom Frp og R) lytta til dei lokale ønska frå kommunane på Haugalandet.\n\nHøyr gjerne heile innlegget her 👇🏽

Nok ei Michelin-stjerna til Stavanger! Hurra for og gratulera til Restaurant K2 🤩\n\nEg heie sånn på bruk av råvarer frå lokale bønder og for å bruka tradisjonsrike metodar å laga mat på! \n\n(Takk til Harald Birkevold og Stavanger Aftenblad for å anmelda maten slik at me som ikkje har vore der endå òg kan få vatn i munnen)

God helg frå Leknesnepo 🏞️

Starta dagen hos psykisk helse på Jørpeland før opptrappingsplanen for psykisk helse blei offentleggjort ☀️\n\n🌱 Me legg på 3 milliardar ekstra (og det er altså i tillegg til alt anna me har auka med!)\n🌱 Alle kommunar skal ha lågterskel tilbod for psykisk helse\n🌱 Alle barn og unge skal ha vurderingssamtale når dei blir henvist - ingen skal få avslag i postkassa!\n🌱 Hjelpa skal koma så tidleg som mogleg og der me bur. Me skal ikkje venta så lenge på hjelp at me blir dritsjuke!\n🌱 Helsepersonell skal få tid til å pasienten og til fagutvikling - me skal ta vekk mest...

Matproduksjon er viktig beredskap 🐮🐏🌾\n\nDenne veka seier Høgre at det er feil å auka overføringane til landbruket, og vil kutta 1,2 milliardar i jordbruksoppgjeret som er forhandla fram av staten og bøndene sjølv. \n\n«Norge har gode forutsetninger for å sikre egen befolkning nok mat i det daglige, men også i krise og krig. Matproduksjon basert på hjemlige ressurser representerer i tillegg en beredskap gjennom at det bor folk i hele landet», står det i rapporten til Totalberedskapskommisjonen som kom idag. \n\nUsikkerheit kring vår eigen tryggleik er ikkje noko me treng i ei usikker tid.

Nå kan me ta utdanning over heile Rogaland 🤩 Mykje gode nyheiter idag!

Laster...
Laster...