Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Me skal få ein betre, breiare og tryggare veg over Fikse! Nå ser det ut som at dei kan begynna å bygga allereie til våren 👷🏽‍♀️\n\nHaugalandspakken skulle avsluttast i år, utan at alle vegprosjekta var blitt fullført. Å få ein breiare veg med gul stripa heile vegen mellom Ølen og Etne var eit av desse prosjekta. \n\nLokalt såg ein ei opning då det vart høve til å forlenga denne pakken, fram til neste pakke kjem om nokre år. Mange har jobba godt lokalt for å få dette til, så det var berre for meg og andre å pressa på slik at me fekk dette heilt i mål. \n\nI juni la Statens Vegvesen fram planane for dette strekket. Går planprosessen som planlagd kan dei starta opp våren 2024.\n\nLes innlegget mitt i Grannar i kommentarfeltet 👇🏽(Innlegget mitt i stortingssalen la eg ut i juni).

Postet:
2023-08-11 16:27:30

Delt innhold:
Photos from Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet's post