Person / Aktør:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Rett til Frankrike i Europarådsmøte!\n\nI dag har eg snakka om korleis det var å vera sjukepleiar under ein pandemi og viktigheita av å vera førebudd på ein ny pandemi. \n\n«Før eg kom inn på Stortinget jobba eg som sjukepleiar. I starten av 2020 jobba eg med kreftpasientar på sjukehuset og på sjukeheimen. På den tida var eg redd. Eg var redd for meg sjølv og for pasientane mine. Det var ei forferdeleg kjensle, og eg håpar at eg aldri kjem til å kjenna det sånn igjen. Det eg var mest redd for var å smitta ein pasient, eller i versta fall å ta livet av nokon. Eg kjem aldri til å gløyma korleis det føltest».\n\nDen tida går fort i gløymeboka, men me må aldri gløyma. Og me må ver førebudd til neste gong, for det kjem til å skje igjen.

Postet:
2023-06-20 19:28:26

Delt innhold:
Lisa Marie Ness Klungland - Stortingsrepresentant Senterpartiet-এর পোস্ট করা ফটো