Beta
Søket ga 495 treff.

Saka om utbygging på Fremre Mo gjekk ikkje slik vi ynskte i kommunestyret på torsdag. Vi er skuffa over fleirtalet sin iver etter utbygging på bekostning av landbruks- og jordvernverdiar. Som langlesing deler vi difor innlegget som gruppeleiar Marit Aklestad heldt i debatten, som gjekk om lag slik: \n\nJordvern, Fremre Mo\n200 dekar frå landbruk til bustadføremål. Det er alvorleg. Vi har vore jordnedbyggingsversting før, og med denne planen held vi fram med det. Alle skjønar at går vi for 1B, så vil utbygginga halde fram heile strekket, og landbruket vil tape for utbyggarinteressene heile vegen. Eg vil ikkje kalle 1B eit kompromiss, men ei direkte nedprioritering av landbruket. \n\nVerdival\nPartikollega Magnar Hjertenæs understreka at det vi gjer i dag, er eit verdival. Det handlar om dei djupe verdiane i å sikre matjorda for dei som kjem etter oss. Vi har livnært oss på jordbruket i tusen år, og skal vi leve i tusen år til, må vi stoppe nedbygginga av matjorda. Det kviler eit tungt ansvar på senterpartiet og fleirtalet i denne saka. Vi har høyrt rørande innlegg for landbruket frå fleire kst-representantar tidlegare i dag, men det er ikkje mykje verdt om det ikkje blir følgt opp i praksis. \n\nPremissane har endra seg \nDet har gått 15 år sidan planen om utbygging på Fremre Mo vart påbegynt. På den tida har kunnskapen auka, regelverket endra seg og bevisstheita om matjorda ei heilt anna. Det må vi ta konsekvensen av.\n\nI tillegg har fleire premissar for planen endra seg: straumlinja gjer at talet tomter blir vesentleg mindre enn planlagt, og den raudelista Hønsehauken har dukka opp.\n\nDet finst alternativ\nVi får høyre at nettopp fordi planane har lege der så lenge, så hastar det å gjere vedtak. Men vi har alternativ. Vi treng ikkje denne planen for å sikre busetjinga i Ørsta. Å seie nei til denne planen, er å seie JA til andre løysingar og ei anna utvikling. Det finst mykje anna tilgjengeleg areal innanfor sentrumsgrensene som vi kan byggje ut med godt samvit. \n\nJordbruket sin verdi \nVi har fått uttalar frå Bondelaget, landbruksutvalet og aktive bønder på Mo som ber oss stoppe opp. Det må vi lytte til. Vi har ansvar for vår eiga sjølvforsyning. Då må vi sørge for at også dei mindre bruka på Mo som er i drift, kreative og framtidsretta, får halde fram å vere liv laga. 1B er uforeineleg med langsiktig drift der. \n\nVi kan ikkje støtte haldninga om at tida for jordbruk på Mo er forbi. Magnar Hjertenæs var inne på alternativ 8, som er det forslaget som er minst i konflikt med gardane som er i drift. Men han understreka også vårt grunnsyn, som samsvarer med forslaget som no er lagt fram frå eit mindretal i SP, å leggje planen død og starte med nye ark. Det er det vi bør gjere i dag.

Det er ikke bare tanken som teller ❤️💚 Støtt de som handler og hjelper til med humanitært arbeid, både i Ukraina og i naboland som nå tar mot mange. Redd Barna, Leger Uten Grenser, Røde Kors, Flyktninghjelpen, Dråpen i Havet og mange andre organisasjoner er tilstede. \nVelg den du stoler på, men bidra med det du kan og ta vare på både ukrainere og de russere som ikke kan noe for hva den krigerske og brutale ledelsen i Russland driver med. Og støtt alle russere som innenfra Russland forsøker å stoppe sine gale ledere.

Krig i Ukraina er krig i Europa sitt «kornkammer» . Krigen er eit overgrep mot det Ukrainske folket, men i tillegg kan krigen forstyrre viktig matforsyninga i land som er avhengige av Ukrainsk korn. Når dette skjer samtidig som det er ei ny tørkekatastrofe på gang i Somalia, blir det ekstra alvorleg.

Vi vakna til dystre meldingar om krigshandlinger i Ukraina i dag. \nTankane går til alle som er råka av krig 💛💙\nNorge som no tener på høge energipriser må stille opp i solidaritet med dei krigsramma.

Å ha kontakt med gode naboer er viktig. I to dager har eg fått vere med å representere Stortinget saman med Stortingspresidenten og hans fylgje på hans første offisielle reise til Riksdagen i Stockholm og Folketinget i København. \n\nLikestillingsarbeid, grøn omstilling og å høyre korleis dei to andre landa organiserer arbeidet i sine nasjonalforsamlingar har vore på agendaen. Det har vore interessante og hyggelige møter med gode naboer.\n\nDet er utruleg flott at vi kan snakke saman på våre eigne målføre og forstå kvarandre utan å måtte bruke eit anna språk enn vårt eige.

Gler meg til å vere med på tur med "presidentane" neste veke.

Du har mødrer. Og så har du supermødrer. \n\nSlike som «Kaja». Etter å ha gytt heile fem gonger i Etneelva har ho blitt mor til rundt 33.000 lakseborn! \n\nDet er noko forskarane trudde var umogleg. \n\n– Dei fleste laksane døyr nemleg etter å ha gytt i elva, forklarer Øystein Skaala, prosjektleiar ved HI sin feltstasjon i Etneelva.\n\nForskarane tar DNA-prøvar av alle laksane som passerer fiskefella ved feltstasjonen. Så vidt dei veit har «Kaja» verdsrekorden i laksegyten. Forskar Øystein konkuderer:\n\n– Det må ha vore litt av ei dame.\n\nVi ønskjer alle supermødrer og heilt vanlege mødrer ein god morsdag på søndag!\n\nIllustrasjonsfoto, fotograf: Erling Svensen / HI\n\nLes meir om «Kaja» i saka frå 2020: https://www.hi.no/hi/nyheter/2020/november/kaja-har-mogleg-verdsrekord-i-laksegyting

Bilete frå innlegget til Molde SV

Denne kjennelsen er ein tragedie for Norge som forvalter av natur. Ulven har status som kritisk trua, Denne kjennelsen i Lagmannsretten er ganske uforståelig med tanke på Naturmangfaldslova og vernebestemmlesane vi er forplikta til etter Bern konvensjonen. Dette syner kor dårlig rettsvernet for natur er i Norge under denne regjeringa.\n\nI teksten til Bernkonvensjonen er det slått fast at det skal vere forbud mot «alle former for forsettlig fangst og fangenskap og forsettlig dreping» samt ødeleggelse av ynglesteder eller betydelig forstyrrelse av dyrene." Bernkonvensjonen gir åpning for skadefelling, men understreker at dersom unntak skal gjerast så skal det 1) ikkje finnast...

Møre og Romsdal SV i godt driv💚❤️😊👍\nGlimrande innlegg av Andreas Unneland om den politiske situasjonen. Stort engasjement i ei mengde saker. \n\nSå utruleg godt å kunne møtast fysisk igjen. 😊❤️🎶Og ikkje minst få kulturinnslag frå jazzlinja ved Molde videregående skule.\n\nKjekt å møtast, få diskutere og utvikle god sosialistisk politikk for bedre fordeling og eit godt samfunn for alle. Fleire tok opp ein anstrengt kommuneøkonomi som ei viktig sak. Kulturskule, den uhaldbare miljøsituasjonen ved Rausand gruver, energipolitikk med og behovet for å endre energilova for å ha mindre markedsstyrt pris, meir fokus på ENØK og potensialet i vasskraft ikkje berre havvind,...

SV krever at olje- og energiministeren møter i Stortinget for å svare om strømkrisen

Til tross for en vedvarende strømpriskrise i landet, har ikke olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) møtt i Stortingets spontane spørretime én gang siden hun ble utnevnt. Nå vil SV kreve det gjennom en interpellasjon.

Bilete frå innlegget til Ålesund SV
Laster...
Laster...