Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:

Postet:
2022-02-28 06:57:13

Delt innhold:
Saka om utbygging på Fremre Mo gjekk ikkje slik vi ynskte i kommunestyret på torsdag. Vi er skuffa over fleirtalet sin iver etter utbygging på bekostning av landbruks- og jordvernverdiar. Som langlesing deler vi difor innlegget som gruppeleiar Marit Aklestad heldt i debatten, som gjekk om lag slik: \n\nJordvern, Fremre Mo\n200 dekar frå landbruk til bustadføremål. Det er alvorleg. Vi har vore jordnedbyggingsversting før, og med denne planen held vi fram med det. Alle skjønar at går vi for 1B, så vil utbygginga halde fram heile strekket, og landbruket vil tape for utbyggarinteressene heile vegen. Eg vil ikkje kalle 1B eit kompromiss, men ei direkte nedprioritering av landbruket. \n\nVerdival\nPartikollega Magnar Hjertenæs understreka at det vi gjer i dag, er eit verdival. Det handlar om dei djupe verdiane i å sikre matjorda for dei som kjem etter oss. Vi har livnært oss på jordbruket i tusen år, og skal vi leve i tusen år til, må vi stoppe nedbygginga av matjorda. Det kviler eit tungt ansvar på senterpartiet og fleirtalet i denne saka. Vi har høyrt rørande innlegg for landbruket frå fleire kst-representantar tidlegare i dag, men det er ikkje mykje verdt om det ikkje blir følgt opp i praksis. \n\nPremissane har endra seg \nDet har gått 15 år sidan planen om utbygging på Fremre Mo vart påbegynt. På den tida har kunnskapen auka, regelverket endra seg og bevisstheita om matjorda ei heilt anna. Det må vi ta konsekvensen av.\n\nI tillegg har fleire premissar for planen endra seg: straumlinja gjer at talet tomter blir vesentleg mindre enn planlagt, og den raudelista Hønsehauken har dukka opp.\n\nDet finst alternativ\nVi får høyre at nettopp fordi planane har lege der så lenge, så hastar det å gjere vedtak. Men vi har alternativ. Vi treng ikkje denne planen for å sikre busetjinga i Ørsta. Å seie nei til denne planen, er å seie JA til andre løysingar og ei anna utvikling. Det finst mykje anna tilgjengeleg areal innanfor sentrumsgrensene som vi kan byggje ut med godt samvit. \n\nJordbruket sin verdi \nVi har fått uttalar frå Bondelaget, landbruksutvalet og aktive bønder på Mo som ber oss stoppe opp. Det må vi lytte til. Vi har ansvar for vår eiga sjølvforsyning. Då må vi sørge for at også dei mindre bruka på Mo som er i drift, kreative og framtidsretta, får halde fram å vere liv laga. 1B er uforeineleg med langsiktig drift der. \n\nVi kan ikkje støtte haldninga om at tida for jordbruk på Mo er forbi. Magnar Hjertenæs var inne på alternativ 8, som er det forslaget som er minst i konflikt med gardane som er i drift. Men han understreka også vårt grunnsyn, som samsvarer med forslaget som no er lagt fram frå eit mindretal i SP, å leggje planen død og starte med nye ark. Det er det vi bør gjere i dag.