Person / Aktør:
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Birgit Oline Kjerstad på Tinget
Parti: SV

Innlegg:

Postet:
2022-02-13 19:43:07

Delt innhold:
Du har mødrer. Og så har du supermødrer. \n\nSlike som «Kaja». Etter å ha gytt heile fem gonger i Etneelva har ho blitt mor til rundt 33.000 lakseborn! \n\nDet er noko forskarane trudde var umogleg. \n\n– Dei fleste laksane døyr nemleg etter å ha gytt i elva, forklarer Øystein Skaala, prosjektleiar ved HI sin feltstasjon i Etneelva.\n\nForskarane tar DNA-prøvar av alle laksane som passerer fiskefella ved feltstasjonen. Så vidt dei veit har «Kaja» verdsrekorden i laksegyten. Forskar Øystein konkuderer:\n\n– Det må ha vore litt av ei dame.\n\nVi ønskjer alle supermødrer og heilt vanlege mødrer ein god morsdag på søndag!\n\nIllustrasjonsfoto, fotograf: Erling Svensen / HI\n\nLes meir om «Kaja» i saka frå 2020: https://www.hi.no/hi/nyheter/2020/november/kaja-har-mogleg-verdsrekord-i-laksegyting