Beta
Søket ga 198 treff.
Sveinung Rotevatn
2022-09-13 21:33:57

Bak ei kvar mektig kvinne står ein velfrisert herre med raudt slips.\n(Via @mathiasfisken)\n📷: @spursroy

Sveinung Rotevatn
2022-09-12 07:34:40

Det vart ein sein kveld med å kommentere svenske valresultat på TV2. Og i dag har vi framleis ikkje eit resultat. Det skil eitt (!) mandat mellom blokkene, og ingen har våga å utrope seg til vinnar. Følg med, følg med.

Sveinung Rotevatn
2022-07-13 13:07:11

Takk for oss, Femundsmarka 🐟🦌🌲

Sveinung Rotevatn
2022-06-30 18:45:39

Hei, Voss 🐟☀️🔥🏔

Sveinung Rotevatn
2022-05-18 12:14:16

President; eg ber om hurtigbehandling.

Sveinung Rotevatn
2022-05-09 09:50:53

I dag er det europadagen. Gratulerer med den til alle europearar! Ikkje minst til våre vener i Ukraina som meir enn nokon andre kjempar for fridom, demokrati og samarbeid i desse dagar.\n\nHer heime er det ein gryande europadebatt. Venstre meiner at Noreg høyrer heime som ein fullt ut likestilt og deltakande nasjon i det europeiske fellesprosjektet. Difor har vi no fremma forslag i Stortinget om at når regjeringa uansett skal utgreie alternativ til EØS-avtalen bør dei også utgreie det mest nærliggande alternativet, nemleg det alternativet som alle våre naboland har vald: Fullt EU-medlemskap.\n\nVi får sjå korleis det går med det...

Sveinung Rotevatn
2022-05-07 17:10:04

Og vi er i gang.

Sveinung Rotevatn
2022-05-06 13:07:55

I dag markerer Klima- og miljødepartementet sine første 50 år. Så då måtte vi sjølvsagt samlast til feiring! Gratulerer med dagen til alle, og ikkje minst til alle dei flinke embetsfolka som har støtta oss i arbeidet.

Sveinung Rotevatn
2022-04-17 18:13:37

Påske ved sjøen eller påske på fjellet? Snakk om austlands-dilemma. #nordfjord #altieinfjord

Sveinung Rotevatn
2022-04-16 10:24:39

Soloppgang over Nordfjorden.

Sveinung Rotevatn
2022-04-06 19:33:36

Blide nynorskingar på årsmøte i Løvebakken Mållag. I dag valde vi nytt styre, og eg vart vald som leiar. Saman med meg i arbeidet har eg Sofie Marhaug (R), Ingrid Fiskaa (SV), Nils T. Bjørke (Sp), Torbjørn Vereide (Ap), Roy Steffensen (Frp), Liv Kari Eskeland (H) og Olaug Bollestad (KrF).

Sveinung Rotevatn
2022-04-01 15:46:26

Årsmøte i Myseklubben.

Sveinung Rotevatn
2022-04-01 00:00:47

Hei, Sola.

Sveinung Rotevatn
2022-03-30 15:34:27

Historisk sus då president Zelenskyj talte til Stortinget i dag. “Vi har ikkje felles grense. Men vi har ein felles nabo. Og felles verdiar”.\n\nHan takka Noreg for hjelp og støtte. Men han ba oss også om meir:\n\n✔️ Fleire defensive våpen \n✔️ Stenge russiske skip ute frå norske hamner \n✔️ Meir energieksport frå Noreg til Europa\n✔️ Meir humanitær helsehjelp\n\n… og han bør få ja på alle fire punkt. Ukraina sin kamp er vår kamp. Slava Ukraini! 🇺🇦

Sveinung Rotevatn
2022-02-19 17:50:49

Partileiar på bergenstur 🚈

Sveinung Rotevatn
2022-01-20 18:39:05

Mange gode møte i eit vinterkledd Bergen i dag. Her med @raftofoundation.

Sveinung Rotevatn
2021-12-21 13:02:27

Litt i seinaste laget, men då var det endeleg tid til å skrive julekort ⛄️🎅🏻

Sveinung Rotevatn
2021-10-17 18:59:18

Første sjøaure 🐟

Sveinung Rotevatn
2021-10-14 13:42:51

Då var det over. Dei departementstilsatte er takka av, Kongen har gitt meg avskjed i nåde og ein ny statsråd overtar klima- og miljødepartementet. \n\nTakk for all støtte, gode innspel og heiarop undervegs. Det har vore eit privilegium og ei ære å vere del av regjeringa. Det finst ikkje nokon oppgåver i ei regjering som er uviktige. Men eg må innrømme at det å jobbe med å kutte klimagassutslepp og å ta vare på natur kjennest ekstra viktig. Det er vår tids største utfordring. Og eg håpar at mitt bidrag har tatt oss nokre steg i rett retning. \n\nTakk til...

Sveinung Rotevatn
2021-09-14 10:39:25

Det gjekk!

Laster...
Laster...