Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
I dag er det europadagen. Gratulerer med den til alle europearar! Ikkje minst til våre vener i Ukraina som meir enn nokon andre kjempar for fridom, demokrati og samarbeid i desse dagar.\n\nHer heime er det ein gryande europadebatt. Venstre meiner at Noreg høyrer heime som ein fullt ut likestilt og deltakande nasjon i det europeiske fellesprosjektet. Difor har vi no fremma forslag i Stortinget om at når regjeringa uansett skal utgreie alternativ til EØS-avtalen bør dei også utgreie det mest nærliggande alternativet, nemleg det alternativet som alle våre naboland har vald: Fullt EU-medlemskap.\n\nVi får sjå korleis det går med det forslaget. Vi håpar på støtte frå flest mogleg. Uansett, i dag er dagen for å tenke over kor langt vi har kome på vårt kontinent når det gjeld fred, samarbeid og velstandsutvikling. Og på kor hardt enkelte framleis må kjempe for dei fridomane vi tar for gitt.

Postet:
2022-05-09 09:50:53