Innlegg:
Då var det over. Dei departementstilsatte er takka av, Kongen har gitt meg avskjed i nåde og ein ny statsråd overtar klima- og miljødepartementet. \n\nTakk for all støtte, gode innspel og heiarop undervegs. Det har vore eit privilegium og ei ære å vere del av regjeringa. Det finst ikkje nokon oppgåver i ei regjering som er uviktige. Men eg må innrømme at det å jobbe med å kutte klimagassutslepp og å ta vare på natur kjennest ekstra viktig. Det er vår tids største utfordring. Og eg håpar at mitt bidrag har tatt oss nokre steg i rett retning. \n\nTakk til Even, Maren og Mathias for uvurderleg støtte og hjelp undervegs, og til Tiril og Kjartan for at også de var ein del av teamet. Takk til Erna og Guri for tilliten og for godt samarbeid. Og tusen takk for meg.
Postet:
2021-10-14 13:42:51