I dagens episode av “Sikre kilder i Venstre” forklarer eg fusjonsenergi etter å ha brukt opptil fleire minutt på å setje meg inn i det. Med grundig hugselapp. Du finn oss der du høyrer på podkast.
I dag er det folkefest i byen! Bybanen linje TO opnar, frå sentrum til Fyllingsdalen via Haukeland. Byråd Ingrid Nergaard Fjeldstad er mildt sagt i fyr og flamme, og det er eg også. Hurra for bybanen, og hurra for Bergen!
September er reisetid på Stortinget. Denne veka var finanskomiteen på tur til New York og Washington D.C. Mange interessante møte i kongressen, IMF, hos oljefondet m.m. Og alltid kjekt å vere tilbake i USA! 🇺🇸
Bak ei kvar mektig kvinne står ein velfrisert herre med raudt slips.\n(Via @mathiasfisken)\n📷: @spursroy
Det vart ein sein kveld med å kommentere svenske valresultat på TV2. Og i dag har vi framleis ikkje eit resultat. Det skil eitt (!) mandat mellom blokkene, og ingen har våga å utrope seg til vinnar. Følg med, følg med.
I dag er det europadagen. Gratulerer med den til alle europearar! Ikkje minst til våre vener i Ukraina som meir enn nokon andre kjempar for fridom, demokrati og samarbeid i desse dagar.\n\nHer heime er det ein gryande europadebatt. Venstre meiner at Noreg høyrer heime som ein fullt ut likestilt og deltakande nasjon i det europeiske fellesprosjektet. Difor har vi no fremma forslag i Stortinget om at når regjeringa uansett skal utgreie alternativ til EØS-avtalen bør dei også utgreie det mest nærliggande alternativet, nemleg det alternativet som alle våre naboland har vald: Fullt EU-medlemskap.\n\nVi får sjå korleis det går med det...
I dag markerer Klima- og miljødepartementet sine første 50 år. Så då måtte vi sjølvsagt samlast til feiring! Gratulerer med dagen til alle, og ikkje minst til alle dei flinke embetsfolka som har støtta oss i arbeidet.
Påske ved sjøen eller påske på fjellet? Snakk om austlands-dilemma. #nordfjord #altieinfjord
Blide nynorskingar på årsmøte i Løvebakken Mållag. I dag valde vi nytt styre, og eg vart vald som leiar. Saman med meg i arbeidet har eg Sofie Marhaug (R), Ingrid Fiskaa (SV), Nils T. Bjørke (Sp), Torbjørn Vereide (Ap), Roy Steffensen (Frp), Liv Kari Eskeland (H) og Olaug Bollestad (KrF).