Beta
Søket ga 35 treff.
Liv Signe Navarsete
2018-12-07 15:06:40

Stortingets organ, Norges institusjon for menneskerettar (NIM) har lagt ut viktige moment å merke seg i debatten om FN si migrasjonsplattform. #nim #faktaharmakta

Liv Signe Navarsete
2018-12-05 11:32:01

Måten grunneigarar på Ørland er behandla av Forsvarsbygg står til stryk! Eg ventar på svar frå forsvarsministeren på om han verkeleg meiner framgangsmåten Forsvarsbygg nyttar for å presse folk på denne måten er i tråd med god forvalting. Og om han ikkje er samd kan Bakke-Jensen rydde opp i dette - dersom han vil!

Liv Signe Navarsete
2018-11-30 18:33:40

Takk til Sogn og Fjordane Bondelag for eit godt møte i dag. Det er viktig for stortingsbenken å vera oppdatert på status og utfordringar for landbruksnæringa i fylket vårt. Det skjer mykje spanande utvikling som lovar godt for framtida! God helg😊

Liv Signe Navarsete
2018-11-19 20:58:42

Citadellet, det store fortet i Halifax er verd å sjå. Litt av eit forsvarsverk ut mot Atlanteren! I dag er det museum, men det var i bruk i fleire hundre år, med store vollgraver og kanoner av store dimensjonar. #natopa2018

Liv Signe Navarsete
2018-11-12 14:37:06

Senterpartiet prioriterar Forsvaret høgt i vårt statsbudsjett! Landmakta har over lang tid vorte nedprioritert. No må me sikre at naudsynte investeringar kjem på plass!

Liv Signe Navarsete
2018-08-23 14:06:56

Regjeringa har vist at dei svekkar både Hæren og Heimevernet med deira politikk. Det er Senterpartiet sterkt imot. Senterpartiet er samd med NOF i saka om landmakt og helikopterstøtte til Hæren. Me må lytte til dei som har skoa på, og dei tillitsvalde i Forsvaret. Den nye langtidsplana må vere ein komplett plan for heile Forsvaret, kor midlane er fordelt på eit komplett samvirkesystem og eit komplett forsvar. Me ynskjer ei sterkere landmakt og eit meir truverdig forsvar i Noreg som er betre rusta til utfordringane i framtida!

Liv Signe Navarsete
2018-07-03 12:52:29

ACER kan nå på egen hånd «hjelpe» RME til «å følge god praksis». ACER skal varsle Kommisjonen hvis ikke RME lystrer innen fire måneder.

Liv Signe Navarsete
2018-06-29 13:34:18

Å kutta i dei operative ståande styrkane i Hæren er ikkje bra!

Liv Signe Navarsete
2018-06-28 13:36:39

Nettstaden Aldrimer.no skriv i dag at Forsvarsdepartementet sjølv vurderer å styre arbeidet med FMR. Gjennom ein slik modell vil det fagmilitære rådet Forsvarssjefen legg fram vere godkjent av departementet på førehand. Forsvarssjefen vert i så fall avskilta som sjølvstendig etatsjef og redusert til rådgjevar for Forsvarsministeren. Sjølv om Forsvarssjefen skulle akseptere ei slik redusert rolle vil det gjere arbeidet til Stortinget mykje vanskelegare i og med at det vert uråd å skilje dei faglege råda frå dei politiske prioriteringane. Eg sender i dag skriftleg spørsmål til forsvarsministeren og ber om svar på om Forsvarssjefen får høve til å leggje fram...

Liv Signe Navarsete
2018-06-26 13:47:38

ENDELEG KJEM REGJERINGA ETTER!!! Erna Solberg og regjeringa har på alle måtar prøvd å snakke ned Senterpartiet når me konsekvent har løfta fram 2-prosentmålet som eit konkret mål Noreg må forhalde seg til og nå i 2024. No dreg me regjeringa inn på den linja Senterpartiet har arbeidd for i årevis! Kanskje me kunne spart oss mange unødvendige raseringar innan forsvaret om regjeringa og Arbeiderpartiet hadde lytta til Senterpartiet då Langtidsplanen vart handsama?

Liv Signe Navarsete
2018-06-19 16:31:44

Svært interessant møte med IBM om Big Data og Atificial Intelligence. Dette må me som politikarar også setje oss grundig inn i, det gir store mulegheiter - men også store utfordringar som må drøftast. Spanande! Ha ein fin sommarkveld heime i Noreg☀️

Liv Signe Navarsete
2018-06-15 17:00:58

Diverre blei forslaget vårt om å stanse oppseiingane i Heimevernet nedstemd i Stortinget i dag. Riksrevisjonen peikar på at Noreg har store utfordringar innan objektsikring, og vi ynskte å stoppe oppseiingane fram til vi fekk behandla rapporten i august. Vi kjem til å følgje saka vidare.

Liv Signe Navarsete
2018-06-06 15:59:30

Vedtaket om å leggja ned Andøya flystasjon er eit av dei dårlegast fundamenterte vedtaka i nyare tid!

Liv Signe Navarsete
2018-05-25 10:41:31

Regjeringa vil knyte Noreg tettare til EU sitt forskingsfond og det forsvarspolitiske samarbeidet PESCO. Det er ikkje drøfta i Stortinget. Senterpartiet krev at regjeringa legg fram ei sak for stortinget om kor vidt Noreg skal gå inn i tettare EU-samarbeid på forsvarsektoren!

Liv Signe Navarsete
2018-05-23 09:21:36

Ein ex-venstremann med ryggrad!

Laster...
Laster...