Person / Aktør:
Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete
Parti: SP

Innlegg:
Nettstaden Aldrimer.no skriv i dag at Forsvarsdepartementet sjølv vurderer å styre arbeidet med FMR. Gjennom ein slik modell vil det fagmilitære rådet Forsvarssjefen legg fram vere godkjent av departementet på førehand. Forsvarssjefen vert i så fall avskilta som sjølvstendig etatsjef og redusert til rådgjevar for Forsvarsministeren. Sjølv om Forsvarssjefen skulle akseptere ei slik redusert rolle vil det gjere arbeidet til Stortinget mykje vanskelegare i og med at det vert uråd å skilje dei faglege råda frå dei politiske prioriteringane. Eg sender i dag skriftleg spørsmål til forsvarsministeren og ber om svar på om Forsvarssjefen får høve til å leggje fram ein sjølvstendig FMR. #nrk #aldrimer #forsvaravNoreg

Emneknagger:

Postet:
2018-06-28 13:36:39

Delt innhold:
FD vurderer å styre det fagmilitære rådet
VURDERER Å TA STYRINGEN: Forsvarsdepartementet vurderer å ta styringen over arbeidet med forsvarssjefens neste fagmilitære råd. Det betyr i så fall at forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen (t.h.) må få godkjent alle sine konklusjoner av departementet før det fagmilitære rådet ferdigstilles. He...