Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2019-06-07 15:58:08

Bra innlegg av Nasir Ahmed, Maria Qureshi, Farukh Qureshi, Usman Asif og Awais Aslam om krav storsamfunnet kan stille til trossamfunn. Alle fem stiller til val i Oslo denne hausten. https://www.nrk.no/ytring/vi-ma-stille-krav-til-religiose-ledere-1.14577444?fbclid=IwAR2QtCZFOwt3S6PQHbsIB5NrhIwTkH5_fd1hG4i3Wuu83hKmiqTRS73WjcU

Hadia Tajik
2019-06-06 12:22:44

Hugsar du Olof Palme, og den fantastiske talen hans «Derfor er jeg demokratisk sosialist»? Den er eit referansepunkt for mange sosialdemokratar. Eg har møtt ulike folk som er sosialdemokratar og spurt dei kvifor dei er det. Målet er å få igang ein samtale om korleis ideologi og kvardag heng ihop. Dei fortel ope om eigne erfaringar, kva dei meiner er bra og mindre bra med sosialdemokratiet i dag - og korleis me kan verte betre, sterkare, meir relevante. Fyrste kvinne ut er Tonje Randisdatter Tunstad (31) fra Tromsø. Tonje veit kva det inneber å ha gått på ein smell. No...

Hadia Tajik
2019-06-04 11:27:38

God Eid til alle som feirer! Eid Mubarak 😊

Hadia Tajik
2019-06-01 15:32:44

Eg er på jobb for #flerefastejobber. Fordi fast jobb gjev tryggleik og makt over eigen kvardag.

Hadia Tajik
2019-05-28 23:30:04

Full støtte til Raymond Johansen. Dette er ei svært viktig sak, som me fekk kjempa gjennom i programarbeidet før forrige landsmøte i Arbeiderpartiet. Statsstøtte skal ikkje vere med på å halde kvinner tilbake. https://www.nrk.no/norge/krever-likestilling-i-moskeene-_-truer-med-a-fjerne-pengestotte-1.14566409

Hadia Tajik
2019-05-28 08:21:45

Dagbladet har i papirutgåva i dag laga tittelen «Angrer ikke på politireformen» i eit intervju med meg. Denne tittelen har dei ikkje dekning for nokon stad i intervjuet, så eg veit ikkje kvifor dei skriv dette. Den politireforma landet har fått er jo ikkje den reforma Arbeiderpartiet ville ha, det sa eg fleire gonger i intervjuet óg. Me vil ha ei klårare lokal forankring av politiet, medan det regjeringa har gjeve landet er berre meir sentralisering og færre politifolk der folk bur.

Hadia Tajik
2019-05-17 09:06:39

Eit flott intervju om kva 17. mai er, om Wergeland, Welhaven, ytringsfridom og norske verdiar med leiar av 17. mai-komiteen i Oslo, varaordfører Kamzy Gunaratnam: https://www.aftenposten.no/norge/i/2GjX8l/Kamzy-Gunaratnam---17-mai-er-den-mest-inkluderende-dagen-vi-har

Hadia Tajik
2019-05-10 09:51:57

Har du jobbforsikring? Meir skatt på deg, helsing frå Frp. Allereie har dei auka skatten på pendling, kost og losji. No kjem altså dette... Ikkje innstrammingar for milliardærar eller dei som har pengane sine i skatteparadis. Ap vil heller redusere forskjellane mellom folk, det er dei rikaste som skal betale meir i skatt, ikkje vanlege arbeidsfolk! https://www.aftenposten.no/okonomi/i/LAW2Gp/Siv-Jensen-gir-tre-millioner-nordmenn-okt-skatt-pa-jobbforsikringer-Bransjen-mener-den-er-umulig-a-handheve

Hadia Tajik
2019-05-01 09:37:25

Gratulerer med 1. mai-dagen! 🌹

Hadia Tajik
2019-04-30 11:22:42

Endeleg. Endeleg fekk dei streikande i Traftec tariffavtale. Det var på tide. Me skuldar dei ein stor takk for den innsatsen dei har gjort for arbeidslivet vårt. https://www.aftenbladet.no/okonomi/i/K3rJ9M/Streiket-i-10-maneder-og-10-dager---tirsdag-skal-han-pa-jobb-igjen

Hadia Tajik
2019-04-20 10:29:19

«Et godt liv kan man ikke kalle det. Slitsomt liv. Spennende liv. Givende. Men et godt liv forbinder de fleste mennesker med at man har litt mer tid for seg selv» sa Gro Harlem Brundtland i NRK-serien Da vi styrte landet. Ho la til: «Er det verdt for landet? Er det verdt det for politikken? Er det verdt det? Det spør hvem du spør da.» Undervurdert. Motarbeida. Forsøkt satt til side. Men så sterk, klår og djerv at ho likevel fekk ting gjort. For kvinners rettar er ho ein moderne pioner. For miljøvern og folkehelse la ho eit sterkt grunnlag...

Hadia Tajik
2019-04-07 10:44:05

I dag er siste dag på landsmøtet til Arbeiderpartiet. Her kan du høyre kva Ap har tenkt å bruke makta til i kommuner og fylker etter lokalvalet i haust.

Hadia Tajik
2019-04-04 16:58:31

Er ute ilag med Anette Trettebergstuen om dei nye retningslinjene i Arbeiderpartiet mot seksuell trakassering, med ønske om at tidfrist for varsler ikkje skal gjelde, og at seksuell trakassering ikkje skal tolkast utfrå «tid» eller «kultur». Landsmøtet er no. https://www.dagsavisen.no/innenriks/anette-trettebergstuen-gar-imot-frist-for-varsling-i-metoo-saker-1.1460810?fbclid=IwAR3OFrELBzZEfCERtxO3JpfhUAEzVH7PjqHKIuiZpnTaFH-IYihrDGUmAlo

Hadia Tajik
2019-03-24 13:01:53

Det er sterkt å lese om cruiseskipet «Viking Sky». Eg har von om at passasjerer, mannskap og evakuerte har det etter situasjonen bra. Det må vere tøft for familie som sit heime og venter. Alt godt til redningsfolka som står på for å få ting til å ende trygt.

Hadia Tajik
2019-03-19 11:42:25

Valkomiteen til Arbeiderpartiet har nett offentleggjort at dei har innstilt Bjørnar Skjæran som ny nestleiar, i lag med oss andre i partileiinga: Jonas, Kjersti og meg sjølv. Eg takkar for tilliten og ser veldig fram til å samarbeide meir med Bjørnar og dei andre i leiinga, dersom landsmøtet òg gjev si tilslutning i april. Bjørnar har gjort ein god jobb i mange ulike verv for partiet, og er heil ved.

Hadia Tajik
2019-03-16 19:28:25

«- Christian Ringnes har tjent så mye på Høyres politikk og er så rik, at han burde gitt mer til Oslo Høyre enn det han har gitt. Han fremstår som en gjerrigknark, sier byrådsleder Raymond Johansen (Ap) i Oslo» https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/RxJqa8/ap-raymond-til-christian-ringnes-du-ga-for-lite-til-oslo-hoeyre?utm_source=vgfront&utm_content=row-2&fbclid=IwAR3CQFu769GYOntuuFyKbw2mStsNkn2z1zFRgxisHFHKsYI966WR7FSAsFA

Hadia Tajik
2019-03-15 21:14:59

Er dette oss? Vårt lille land? Så mykje hets og hat. https://www.aftenbladet.no/innenriks/i/kaA1BQ/Statsministeren-matte-fjerne-Facebook-post-etter-muslimhets?fbclid=IwAR1ZVbsaB3qHM6I_GLrSRm5op2ucEpNenbdds0_Nza8v3cFxsZ3F6CVd5C8

Hadia Tajik
2019-03-15 17:15:47

Her kan du sjå ei kort oppsummering av Erna Solberg sin tale til Høyre sitt landsmøte i dag.

Hadia Tajik
2019-03-15 13:34:03

❤️

Hadia Tajik
2019-03-10 10:59:02

Ein tekst om grønn omstilling og økonomiske forskjellar. https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/7lEPOw/De-som-hevder-at-Norge-ikke-vil-merke-konsekvensene-av-omstilling_-snakker-ikke-sant--Hadia-Tajik

Laster...
Laster...