Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Dagbladet har i papirutgåva i dag laga tittelen «Angrer ikke på politireformen» i eit intervju med meg. Denne tittelen har dei ikkje dekning for nokon stad i intervjuet, så eg veit ikkje kvifor dei skriv dette. Den politireforma landet har fått er jo ikkje den reforma Arbeiderpartiet ville ha, det sa eg fleire gonger i intervjuet óg. Me vil ha ei klårare lokal forankring av politiet, medan det regjeringa har gjeve landet er berre meir sentralisering og færre politifolk der folk bur.

Postet:
2019-05-28 08:21:45