Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Valkomiteen til Arbeiderpartiet har nett offentleggjort at dei har innstilt Bjørnar Skjæran som ny nestleiar, i lag med oss andre i partileiinga: Jonas, Kjersti og meg sjølv. Eg takkar for tilliten og ser veldig fram til å samarbeide meir med Bjørnar og dei andre i leiinga, dersom landsmøtet òg gjev si tilslutning i april. Bjørnar har gjort ein god jobb i mange ulike verv for partiet, og er heil ved.

Postet:
2019-03-19 11:42:25