Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2019-08-05 19:39:13

Møtte Erlend Osnes her om dagen. Resultatet kan du høyre i lenka her. Ein litt annleis samtale. I alle fall for meg. Spent på å høyre kva du syns. Her er lenka: https://podtail.com/no/podcast/heimelaga/

Hadia Tajik
2019-08-03 16:27:53

Fin dag på Utøya i dag ❤️

Hadia Tajik
2019-08-01 14:21:48

Jonas skriv godt om kven Ingrid var for Arbeiderpartiet. For meg var ho òg ei god venninne. Me lo mykje saman. Me diskuterte kjærleik og politikk. No fins ho ikkje meir. Det er uverkeleg. Tankane går til familien hennar, og til familien til Eivind Olav Evensen som omkom i same båtulykke. ❤️

Hadia Tajik
2019-07-31 18:45:45

Lura bo- og aktivitetssenter er ein skikkeleg fin plass! 🤩

Hadia Tajik
2019-07-30 07:30:46

Fleire i helse- og omsorgssektoren vil jobbe heiltid. Det er bra! For kvaliteten på velferden, for likestillinga i landet og for kvar og ein si evne til å forsørge seg sjølv og familien sin. Difor er fleire faste, heile stillingar ei av dei aller viktigaste sakene for Arbeiderpartiet! Er du med? https://www.dagsavisen.no/innenriks/regjeringen-tar-ikke-deltidsproblemet-pa-alvor-1.1560728?fbclid=IwAR3ToIMZj-nlcBGLaDFS17NRtiQIzhMz7mxEHfnCpUJ9CDGX93auiNLkzcE

Hadia Tajik
2019-07-26 19:35:11

Svartskog i Nordre Follo må vere tilgjengeleg for vanlege folk, ikkje berre mektige utbyggjarar og private eigarar. Ordførerkandidat for Ap i Nordre Follo, Hanne Opdan, har gjort dette til ein kampsak ved lokalvalet i haust. Hadde gleda av å vitje ho og sjå Svartskog sjølv. Etterpå var me på Ingierstrand for å minne folk om å bruke stemmeretten i haust. Bra dag!

Hadia Tajik
2019-07-24 19:46:02

På landets finaste festival: Gladmaten i Stavanger. Ilag med ordførerkandidat i Stavanger, Kari Nessa Nordtun, fylkesordførarkandidat i Rogaland Marianne Chesak og ordførar Kristine Enger frå Randaberg.

Hadia Tajik
2019-07-23 14:52:11

Les det gode innlegget til AUF-ar, Ronja Bell Breisnes, om konsekvensane av regjeringa si politikk for arbeidsfolk, kvinner og elevar: https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/b5em65/25-under-25-vi-har-en-regjering-som-er-mot-folket

Hadia Tajik
2019-07-22 08:03:29

For åtte år sida vart AUF og arbeidsfolk i regjeringskvartalet råka av eit politisk motivert terrorangrep, av ein høgreekstremist som sjølv trudde på konspirasjonsteorier om Arbeiderpartiet og muslimar. Den svarte dagen i 2011 viste at denne typen hat mot folk og forakt for fakta er dødeleg, det tek livet av folk, det øydelegg framtida til andre, det gjer eit innhogg i samfunnet vårt som er rett ut farleg. Dette må me kjempe mot kvar einaste dag.

Hadia Tajik
2019-07-17 14:23:17

Nestleiar Bjørnar Skjæran stiller Bent Høie til veggs: No må må høgreregjeringa sikre tryggleiken for alle. Luftambulansetenesta må vere god over heile landet!

Hadia Tajik
2019-07-09 10:40:06

Dei siste vekene har det gått ein debatt i VG om småbarnsliv og stress blant kvinner. I dag skriv stortingsrepresentant Elise Bjørnebekk-Waagen frå Ap ein kronikk om kor viktig det er med politiske løysningar - og ikkje berre å legge ansvaret på kvar enkelt åleine. «Debatten er om hverdagsstress er på villspor hvis vi skal forenkle samfunnsproblemer til sykeliggjøring av kvinner som står på. Tidsklemma er en stor – og reell - utfordring for mange familier. Men det finnes løsninger», skriv ho. Les det gode innlegget her: https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/zGVp64/stressa2019-handler-ikke-om-cupcakes-og-matpakker

Hadia Tajik
2019-07-05 15:45:23

Slik kan det ikkje fortsette. Kvinner med endometriosplager er i dag nødt til å fjerne heile livmora for å få arbeidsavklaringspengar. Dette er ei diagnose som _ikkje_ alltid krev at kvinner få livmora fjerna, så kvifor krev NAV det likevel? Tuva Moflag frå Ap følger opp saka med helseminister og arbeidsminister: https://www.dagbladet.no/nyheter/nav-krever-at-kvinner-fjerner-livmor/71372855

Hadia Tajik
2019-06-26 17:35:59

NM-veka i Rogaland! 38 idrettsgreiner, meisterskap og kongepokalar - på fem dagar. Folkefest og feiring med over 2000 deltakarar og meir enn 800 frivillige. Fantastisk arrangement!

Hadia Tajik
2019-06-24 13:40:50

I fire veker har tilsette ved sjukehusa streika for kravet om pensjonsopptening frå fyrste krone. I går stansa regjeringa streiken, ved tvungen lønnsnemnd. Den avgjerda får me berre ta til etterretning. Men det må vere lov å undre seg: Har det vore reelle vilje til å forhandle om dette kravet? Arbeiderpartiet har fleire gonger på Stortinget gjort framlegg om å innføre prinsippet om pensjonsopptening frå fyrste krone. Høgrepartia har stemt mot det, kvar gong. No er det helseministeren frå Høyre som sit som eigar av sjukehusa. Har han hatt vilje til å møte dei tilsette på eit krav han sjølv,...

Hadia Tajik
2019-06-22 12:22:16

Ingen Gud kan hate menneska så mykje at ho vil nekte nokon å elske, ingen kultur er så høgverdig at han er verdt å ta vare på om han stiller seg i vegen for kjærleik. Ingen menneske bør kunne påføre andre skuldkjensle eller skam for å hindre dei i å elske den dei vil. Nesten kvart år dei siste ti åra har eg gått i Pride-paraden i Oslo. Somme år har eg óg gått i Stavanger eller i Bergen. Pride handlar om at kjærleiken er fri. At det å elske er ein rett alle har, som andre ikkje kan kreve...

Hadia Tajik
2019-06-21 13:56:03

Sjå livesending frå fanemarkeringa til sjukehusstreiken no. Ap står med arbeidsfolka!

Hadia Tajik
2019-06-19 13:48:25

Høyr Jonas Bals fortelje korleis me kan sørge for at revitaliseringa av sosialdemokratiet skjer på innsida, og ikkje frå utsida av partiet. Bals er malar og historikar, og nestemann ut i serien «Derfor er jeg sosialdemokrat». Dette er ein serie med korte podcastar, der du vert kjent med personlege og politiske historiar frå den breie arbeiderrørsla.

Hadia Tajik
2019-06-14 08:18:23

Arbeiderpartiet meiner at viktige offentlege oppgåver må vere i offentleg regi. Det er ei klar linje her, frå saker om helse, skule og velferd - til drift av forsvaret vårt. Dette innber óg at høyregjeringa si privatisering av reinhaldet i Forsvaret er noko me er imot. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/AdxO4x/ut-mot-regjeringens-privatisering-av-renhold-i-forsvaret-en-fiasko

Hadia Tajik
2019-06-13 13:45:50

I dag starta fire dyktige unge folk som er ansatt i stortingsgruppa vår i samband med valkampen i haust. Frå venstre: Jan Halvor Vaag Endrerud, Bhanuja Rasiah, Silje Brekke Bakken og Fredrik Sørlie. Og ikkje minst, Fatema Al-Musawi som kjem i morgon. Velkommen skal de vere! Sommarvikarar kan verte sjefen din ein dag - så far fint med dei 😅

Hadia Tajik
2019-06-11 20:07:50

På torsdag skal abortinnstrammingane til Erna Solberg opp til votering på Stortinget. Arbeiderpartiet har krevd at alle stortingsrepresentanter må inn for å gje si stemme. Stort sett bruker Stortinget berre full sal ved endringar i Grunnlova. Men at kvinner sjølv skal kunne ta avgjerder for eigen kropp er så viktig at me ikkje kan la innstramminga passere utan å kreve at alle stortingsrepresentanter frå alle parti står til rette for det dei no gjer. https://www.dagbladet.no/nyheter/svinger-partipisken-nar-abortloven-endres/71172562

Laster...
Laster...