Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
I fire veker har tilsette ved sjukehusa streika for kravet om pensjonsopptening frå fyrste krone. I går stansa regjeringa streiken, ved tvungen lønnsnemnd. Den avgjerda får me berre ta til etterretning. Men det må vere lov å undre seg: Har det vore reelle vilje til å forhandle om dette kravet? Arbeiderpartiet har fleire gonger på Stortinget gjort framlegg om å innføre prinsippet om pensjonsopptening frå fyrste krone. Høgrepartia har stemt mot det, kvar gong. No er det helseministeren frå Høyre som sit som eigar av sjukehusa. Har han hatt vilje til å møte dei tilsette på eit krav han sjølv, og partiet hans, fleire gonger har stemt mot? Me i Arbeiderpartiet kjem ikkje til å gje oss på prinsippet om pensjonsopptening frå fyrste krone. Det må gjelde for alle. Det handler om rettferd for heilt vanlege arbeidsfolk. https://fagbladet.no/nyheter/mette-nord-om-at-regjeringen-stanser-streiken--skuffet-og-overraskende-6.91.635741.03f2b92321

Postet:
2019-06-24 13:40:50

Delt innhold:
Mette Nord om at regjeringen stanser streiken: – Skuffet og overraskende
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) avblåste søndag sykehusstreiken med tvungen lønnsnemnd.