Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Ingen Gud kan hate menneska så mykje at ho vil nekte nokon å elske, ingen kultur er så høgverdig at han er verdt å ta vare på om han stiller seg i vegen for kjærleik. Ingen menneske bør kunne påføre andre skuldkjensle eller skam for å hindre dei i å elske den dei vil. Nesten kvart år dei siste ti åra har eg gått i Pride-paraden i Oslo. Somme år har eg óg gått i Stavanger eller i Bergen. Pride handlar om at kjærleiken er fri. At det å elske er ein rett alle har, som andre ikkje kan kreve kontroll over. Dette er ei markering som har mi fulle støtte. Gå stolt, ver fri, verda treng meir kjærleik, ikkje mindre.

Postet:
2019-06-22 12:22:16