Beta
Søket ga 479 treff.
2021-11-02 19:21:43

Øh, feminine produkt? Er det produkt i ein bestemt farge eller form?😅 Eg stemmer på at dårlege formuleringar i alle fall kan kastast toalettet. #språk #ferjedassmoldevestnes

2021-10-30 11:50:10

Eg har lært meg å sjå opp til denne dama - ikkje berre fordi ho er høgare enn eg og sjølv om eg er så gammel at eg kunne vore mor hennar. Vår nye justisminister @emiliemehl er grundig, påliteleg og forstår seg på politikk, og eit godt menneske oppi det heile. Her er vi før slottsmiddagen på torsdag. #stortinget #senterpartiet #slottet

2021-10-26 21:57:21

Eg i debatt mot Norsk vegansamfunn på TV2 nyheitskanalen. Grunnleggande forklaring trengst faktisk overfor ein ideologi som radere ut store delar av norsk matproduksjon. #landbruk #matberedskap #senterpartiet #senterparti

2021-10-24 12:17:02

Det er skummelt å skulle tala ope om livet sitt med kamera og lydopptak på, men det heile vart langt lettare enn eg frykta pga herlege Solveig Kloppen og Ragnhild Bang Nes. Den avbilda Lille My-koppen er med av ein grunn. Eg fortel om dette og mykje meir i podkasten Summa Summarum, som du finn på YouTube og på podkastapp @solveigkloppen @nesragnhild @kamillenorge

2021-10-18 20:19:18

Månen inspirerte til å ta bilete då eg rusla gjennom Vår Frelsers gravlund i Oslo seint i går kveld. Dei andre bileta er frå trivelege Damstredet. #vårfrelsersgravlund #oslo #damstredet #måneskin

2021-09-28 17:59:36

Herleg haustdag også for vår firbeinte #hund #haust

2021-09-28 10:02:57

Flott haustdag med fønvind og vakker himmel i går #nordvik #surnadal #nordmøre #haust

2021-09-27 23:15:20

Sjarmerande låve frå gamledagar. #nordvik #surnadal

2021-09-25 21:57:36

Avslutningsmiddag for fireårsperioden på Oslo Rådhus i kveld. Litjguten er plutseleg ikkje så liten lenger, triveleg ledsagar:) #stortinget

2021-09-22 22:58:44

Det er så vakkert i Vår Frelsers gravlund - ekstra fint når hausten kjem #vårfrelsersgravlund #oslo #haust

2021-09-13 16:55:48

Sjå kor fin ein tur eg fekk saman med Petter Hjørungdal etter eit triveleg gardsbesøk på Hellesylt. Ein haug med folk, inkludert Petter sjølv, har vore i sving for å sette i stand ein trimveg i traseen til Den Trondhjemske postvei, over Ljøfjellet mellom Ljøen og Herdalen i Stranda kommune. Oppe i den svært bratte lia finn vi ein påbegynt bilveg. Arbeidet pågjekk frå 1938 til det vart stoppa av tyskarane i 1941 og av ulike grunnar aldri halde fram. Det gjer godt å ta seg tid til ei slik kultur- og naturoppleving som dette var, og eg var svært...

2021-09-11 17:35:29

Eg og dei to sikkerheitsvaktene mine😅 I godt samarbeid med andrekandidat Geir Inge Lien (til høgre) og tredjekandidat Per Ivar Lied og mange fleire har dette vore ein superkjekk valkamp🍀 Vi ventar spent på resultatet og håpar på regjeringsskifte #senterpartiet #nærfolk

2021-09-09 17:46:32

Det er faktisk ein ekte Klinge som heng på veggen til ordførar Olav Myklebust i Sande kommune😊 Kjekt å sjå att både han og biletet! Temaet for besøket i Sande var kommuneøkonomien. Det er viktig å styrke denne for å kunne legge betre til rette for levande lokalsamfunn i heile landet🍀 #senterpartiet

2021-09-09 09:54:49

For ein rikdom for samfunnet vårt som er knytt til store motorar i næringslivet som møbelprodusenten Ekornes i Sykkylven og til matproduksjonen, her representert ved kornsiloane til Felleskjøpet i Vestnes. Beskjeden frå Ekornes i går var: "Her er det framtidstru og vi treng mange folk til mange ulike jobbar framover." #senterpartiet #matberedskap #beredskap #møbelindustri

2021-09-08 11:07:53

Bøndene og husdyrhaldet held landet vårt vakkert og sørger for at vi får mat på bordet. I går besøkte eg Jørgen Helset og fleire andre engasjerte bønder på Hellesylt. Vi i Senterpartiet meiner at det store inntektsgapet mellom dei og andre yrkesgrupper må tettast. Slik oppnår vi god matberedskap og vakre kulturlandskap også i framtida🍀 #hellesylt #landbruk #valg #senterpartiet

2021-09-01 09:28:51

Ein liten bildekavalkade frå Farstadsanden 😊 Å representere Møre og Romsdal og drive valkamp her er fantastisk, fordi eg får reist rundt i eit enormt mangfaldig fylke. Eg prøver å få ei naturoppleving når eg har tid til det. Her Farstadsanden i Hustadvika, som eg aldri hadde besøkt før denne fine stoppen for eit par veker sidan. Det var rett og slett ei stor oppleving 😊 #farstadsanden #hustadvikakommune #hustadvika #hav #møreogromsdal

2021-08-30 19:14:17

Ein treng ikkje bli ei grå mus fordi om ein får grått hår, er mitt nye motto 🤩 Grått hår er skrekken for mange av oss kvinnfolk. Derfor fargar dei fleste av oss håret langt inn i alderdommen. Det er heilt greitt å gjera det, men eg har bestemt meg for at det også er heilt greitt å la håret få bli så grått det vil. Eg har hatt nokre runder med panikk. Eg misliker tanken på å framstå som mykje eldre enn kvinnfolka rundt meg. Eg vil jo ofte vera den einaste som dei grå håra synest på, sjølv...

2021-08-26 16:00:43

I dag fekk eg førehandsstemt. Fin ordning i utgangspunktet og særleg under ein pandemi. Mi stemme gjekk til Senterpartiet om det skulle overraske nokon🍀😅💚

2021-08-25 23:38:11

Fekk gleda av å besøke Nofence i Gjemnes i dag, der gründer Oscar Hovde Berntsen fortalte om det digitale gjerdesystemet som han og medarbeidarane hans har utvikla. Dei utlyser mange nye stillingar no òg. På kartet ser de korleis Nofence er i bruk her til lands og at fleire og fleire tek det i bruk i utlandet. Geitene eg møtte ein gong poserer med Nofence-klavar, men også sau og storfe bruker slike. Spenstig satsing - og veldig viktig for å utvikle landbruket og matproduksjonen. #landbruk #beiting

2021-08-24 23:11:52

Kjekt besøk saman med Ann Christin Giske Ervik frå Giske Sp på kontora til reiarlaget Loran i Ålesund i dag. Her med Godøya bak, der mykje av aktiviteten har sitt utspring. Fiskeripolitikken er viktig for nasjonen - både for god forvaltning av ressursane og for å legge til rette for arbeidsplassar og verdiskaping. Då må politikken vera langsiktig og føreseieleg. Vi møtte skippar og eigar av Loran, Ståle Otto Dyb, og organisasjonen Fiskebåt til ein engasjert prat. #senterparti #fiskebåt #fiskeri

Laster...
Laster...