Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Sjå kor fin ein tur eg fekk saman med Petter Hjørungdal etter eit triveleg gardsbesøk på Hellesylt. Ein haug med folk, inkludert Petter sjølv, har vore i sving for å sette i stand ein trimveg i traseen til Den Trondhjemske postvei, over Ljøfjellet mellom Ljøen og Herdalen i Stranda kommune. Oppe i den svært bratte lia finn vi ein påbegynt bilveg. Arbeidet pågjekk frå 1938 til det vart stoppa av tyskarane i 1941 og av ulike grunnar aldri halde fram. Det gjer godt å ta seg tid til ei slik kultur- og naturoppleving som dette var, og eg var svært heldig med guiden min😊 #fjellheimen #trim #turveg #strandakommune #sunnmøre

Emneknagger:

Postet:
2021-09-13 16:55:48