Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Ein treng ikkje bli ei grå mus fordi om ein får grått hår, er mitt nye motto 🤩 Grått hår er skrekken for mange av oss kvinnfolk. Derfor fargar dei fleste av oss håret langt inn i alderdommen. Det er heilt greitt å gjera det, men eg har bestemt meg for at det også er heilt greitt å la håret få bli så grått det vil. Eg har hatt nokre runder med panikk. Eg misliker tanken på å framstå som mykje eldre enn kvinnfolka rundt meg. Eg vil jo ofte vera den einaste som dei grå håra synest på, sjølv om dei andre faktisk kan ha vorte grå ti-femten år tidlegare enn eg. Men no er panikken borte og eg lurer på om eg skal gå inn for å få eit tilnamn. Jenny Gråfell. Harald Gråfell fekk i si tid truleg tilnamnet fordi han stadig gjekk med ein grå skinnfell. Eg har lyst til å gjera det same, for sjå kor fint den grå fellen her står til dei grå håra framme ved panna😍 #gråhår #ingagråmuslell

Emneknagger:

Postet:
2021-08-30 19:14:17