Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2022-06-25 12:57:42

I natt ramma blind vald, brutalitet og drap hovudstaden vår. I natt blei to menneske frårøva livet, og mange andre er skadde. Og i natt har nærståande, familie og venner fått den verste beskjeden ein kan få.\n \nI dag skulle Oslo vere ein by full av feiring av glede, kjærleik og fridom. I staden har det blitt sjokk, sorg, fortviling og redsel. Eg tenkjer på alle dei som er ramma av botnlaus sorg, alle dei som er skadde, og alle dei som går rundt og er redde i dag. Men vi står saman i dette, og vi må ta ekstra...

Olve Grotle
2022-06-23 17:47:12

Nok ei kanonmåling, og klart borgerleg fleirtal🤩💙

Olve Grotle
2022-06-22 21:05:11

Ingen satsa så mykje på veg, jernbane og infrastruktur som Høgre. Solberg-regjeringa dobla samferdselsbudsjettet, og bygde mykje meir veg for pengane. Det gjorde vi fordi vi meiner trygge og gode vegar er viktig for både folk og næringsliv over heile landet. Det ser det nå ikkje ut til at Støre, Ap og Sp er einige i. Regjeringa skaper med dette uvisse kring framdrifta til dei viktige prosjekta i Sogn og Fjordane, og resten av landet . Eg har nå stilt skriftleg spørsmål til statsråden om han kan forsikre at prosjekta i Sogn og Fjordane blir realisert som lagt til grunn...

Olve Grotle
2022-06-21 21:38:02

Nå vil til og med den tidlegare Senterparti-ordføraren i Songdalen kommune at Støre-regjeringa skal stoppe reverseringa av Kristiansand kommune😳 For eit 🎪 dette \nhar blitt🥳

Olve Grotle
2022-06-17 16:53:43

Siste møtedag på Stortinget. Nokre veker sommarferie nå, så blir det besøk og kjekke samtaler med vestlendingar og mange andre kjekke folk rundt om i heile landet. God sommar og god helg😀

Olve Grotle
2022-06-16 16:31:11

Historisk og høgtidleg votering i Stortinget i dag. Norge seier eit solidarisk ja til at Sverige og Finland skal få bli med i forsvarsalliansen vår. Berre Raudt som ville nekte dei to nabolanda våre tryggleik i NATO. God og reflektert diskusjon i nasjonalforsamlinga. Godt å sjå at vi står saman om dei store tinga i landet vår🤝🇳🇴🇸🇪🇫🇮

Olve Grotle
2022-06-14 15:29:46

Cruise-trafikken er viktig for Flåm, Olden og fleire andre destinasjonar i fylket vårt. Utsleppsfrie fartøy, landstraum, og anna grønn omstilling er svaret på miljøutfordringa næringa har, ikkje avvikling! Noralv Distad og eg svarer på tidens angrep på cruise-næringa i Ytring.\n\n

Olve Grotle
2022-06-13 16:11:28

Eg har vore i Flåm fleire ganger, og tilbakemeldinga har vore klar. - Alt ligg til rette for at ein her kunne ha fått til ei skånsam utbygging som ikkje ville gå på kostnad med viktige verneverdiar, samtidig som ein hindre nye flaumar. Nå ser det dessverre ut til at folk i Flåm framleis må leve med at det som skjedde i 2014, kan skje igjen. \n\n

Olve Grotle
2022-06-07 07:55:56

Har blitt eit stygg sak for AP, dette. Å nekte svært sjuke kroniske migrenepasienter medisinar som gir dei eit nytt liv, skulle ein ikkje tru var mulig.

Olve Grotle
2022-05-31 11:23:41

Industriuka i Sarbosborg. Nokre glimt av det som blei sagt: Rekordstor eksport, og handelsoverskot. Næringslivet går godt, men stadig støre mangel på arbeidskraft. Vi må få ein meir heilskapleg eksportstrategi, auka kraft til det grønne skiftet, og kraftinnsats for at næringslivet får sårt tiltrengte medarbeidarar. Gode rammevilkår er så sjølvsagt, at det ikkje treng nemnast. Det er eit imponerande næringsliv i Sarpsborg og Grenland💐👏👏👏

Olve Grotle
2022-05-30 12:49:37

Regjeringa avlyste eksamen og sette fråværsgrensa til side. Resultatet vart mange tomme pultar og tapt undervisningstid. Ikkje rart at mange rektorar og lærarar har ropt varsku. \n \nEg er einig med VG i at kunnskapsminister Brenna har vore påfallande passiv og seindrektig. Samtidig viser Brenna stor iver etter å reversere tiltak Høgre satt i verk for å skape ein betre skule. \n \n✅ Høgre gjennomførte eit historisk etter- og vidareutdanningsløft, og satt krav til fordjuping til lærarar som underviser i norsk, engelsk og matematikk. Arbeiderpartiet har fjerna kompetansekrava til lærarar som er utdanna før 2014. \n \n✅ Høgre innførte ei...

Olve Grotle
2022-05-27 20:20:27

Helseministeren må snu! Alvorleg sjuke migrene-pasientar kan ikkje bli fråtatt dei einaste medisinane som hjelper, fordi regjeringa vil bruke pengane på andre ting!

Olve Grotle
2022-05-20 16:57:40

Skatteutvalet i Høgre på Bergens-tur og besøk på NHH. Gode forelesingar om viktige tema👍Interessant og forfriskande å sjå den heftige interne diskusjonen NHH-folka har om formueskatt😅

Olve Grotle
2022-05-14 12:37:43

KS om kommuneøkonomien: Regjeringa har ført kommunane bak lyset😡 Les om det økonomiske uføre regjeringa har ført kommunane opp i😳 Trass tidlegare løfter vil Ap/Sp nemleg ikkje lenger dekke påløpte covid-kostnader, men heller vente til hausten og sjå. \n\n

Olve Grotle
2022-05-13 12:07:25

Sterkare konkurranse og større mangfald i daglegvarebutikkane👍 Opposisjonen tok initiativ i ei viktig sak, og truleg vil Ap/Sp til slutt stemme for forslaget. \n\n– En flertall på Stortinget tar nå grep for å styrke konkurransen i dagligvaremarkedet, sier Høyres Lene Westgaard-Halle, som sammen med SVs Torgeir Knag Fylkesnes har tatt initiativet til kompromisset.

Olve Grotle
2022-05-12 11:51:09

NHO sin årskonferanse 2022. Sterkt prega av krigen i Ukraina 🇳🇴🤝🇺🇦 God timing då Finlands tidlegare statsminister Alexander Stubb snakka om finsk og svensk NATO-medlemskap, akkurat 2 timar etter den finske presidenten og statsminister kunngjorte at dei vil inn i forsvarsalliansen. Det har også blitt tid til innslag om den enorme verdiskapinga og vekstpotensialet i sjømatnæringane👏👏👏

Olve Grotle
2022-05-06 10:46:59

FORTGANG I SATSINGA PÅ EL-Fly🛫\nStortingsrepresentant Erlend Larsen (H) er i det sivile flygar🛩 Det var derfor naturleg at det var han som gjorde greie for saka Høgre har reist i Stortinget om å få fart på elektrifiseringa av luftfarten. Høgre fekk ikkje gjennomslag for det opphavlege forslaget om eit grønn luftfartsprogram, men det blei eit stort fleirtal for eit forlag som i fleire punkt vil framskunde elektriske fly👍\n \nFor oss på Vestlandet er det særleg eit punkt som var viktig, nemleg at Stortinget ber regjeringa sørge for at det blir stilt krav i anbod om bruk av lav- og nullutsleppsteknologi...

Olve Grotle
2022-05-04 17:50:11

Stortingsalen var delvis avstengt med sperreband i dag, men det hadde heldigvis ingenting å gjere ned at det handla litt om fiskerikriminalitet i salen i dag😉\n\nEg utfordra fiskeriministeren på at han i VG denne veka har hevda han skulle legge fram nye reformer og tiltak mot fiskerikriminalitet. Det viste seg ikkje å vere riktig. Tvert om. Støre-regjeringa følgjer nå berre opp Solberg-regjeringa sin nasjonale reform av fiskerikontrollen, oppretting av ei eiga fiskerikrim-seksjon i Nærings- og fiskeridepartementet og fleire andre ting. \n\nSolberg-regjeringa var leiande på å bekjempe fiskerikriminalitet både nasjonalt og internasjonalt, og det er fint at dagens fiskeriminister vil vidareføre...

Olve Grotle
2022-05-03 16:44:42

Besøk i Brussel med næringskomiten. Gode orienteringar og samtaler om saker knytt til næringsliv, handelsavtaler, energipolitikk, fiskeri- og landbrukssaker, klima/miljø, ESA sitt arbeid, og sanksjonane mot Russland. Møte med ulike Norges ambassadør til EU, næringslivet m.m. \n\nDet stor bildet viser nærings- og fiskeriråd Ingrid Vikanes si orientering om aktuelle saker på fiskeriområdet, her medrekna konsekvensane av Brexit🐟🦐\n\nTravelt, kjekt og interessant program, som har underbygd kor viktig Norge sitt forhold til EU er. Og ikkje minst kor viktig EØS-avtalen er🇳🇴🇪🇺

Olve Grotle
2022-05-01 09:33:11

Gratulerer med dagen! Ønskjer alle ein fin 1. mai 🇳🇴🇳🇴🇳🇴

Laster...
Laster...