Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
I natt ramma blind vald, brutalitet og drap hovudstaden vår. I natt blei to menneske frårøva livet, og mange andre er skadde. Og i natt har nærståande, familie og venner fått den verste beskjeden ein kan få.\n \nI dag skulle Oslo vere ein by full av feiring av glede, kjærleik og fridom. I staden har det blitt sjokk, sorg, fortviling og redsel. Eg tenkjer på alle dei som er ramma av botnlaus sorg, alle dei som er skadde, og alle dei som går rundt og er redde i dag. Men vi står saman i dette, og vi må ta ekstra godt vare på kvarande nå.\n \nDet mest grunnleggande av alt er å kunne vere den ein er, og kunne elske den ein vil.

Postet:
2022-06-25 12:57:42

Delt innhold: