Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Regjeringa avlyste eksamen og sette fråværsgrensa til side. Resultatet vart mange tomme pultar og tapt undervisningstid. Ikkje rart at mange rektorar og lærarar har ropt varsku. \n \nEg er einig med VG i at kunnskapsminister Brenna har vore påfallande passiv og seindrektig. Samtidig viser Brenna stor iver etter å reversere tiltak Høgre satt i verk for å skape ein betre skule. \n \n✅ Høgre gjennomførte eit historisk etter- og vidareutdanningsløft, og satt krav til fordjuping til lærarar som underviser i norsk, engelsk og matematikk. Arbeiderpartiet har fjerna kompetansekrava til lærarar som er utdanna før 2014. \n \n✅ Høgre innførte ei ordning med lærarspesialistar for å behalde dei beste lærarane i klasserommet og styrke begynnaropplæringa. Arbeiderpartiet fjerna lærarspesialistordninga. \n \n✅ Høgre opna for etablering av profilskular og yrkesfaglege vidaregåande skular som friskular. Arbeiderpartiet fjernar mangfald og svakkar dermed tilbodet til elevane. \n \n💙 I åtte år gjekk resultata i skulen i rett retning. Fleire elevar fullfører vidaregåande skule, fleire velger yrkesfag og elevar med det svakaste utgangspunktet har løfta seg mest. Det er elevane som tapar når Arbeidarpartiet no har starta arbeidet med å reversere politikk som verkar. \n\nhttps://www.vg.no/nyheter/meninger/i/WjPjlL/passiv-og-bakpaa?fbclid=IwAR3Ro0FmmjLhP37AFOTC9NPGL0hCf4uUHMr3Qv-Hmfr9BQYjvLBo7sQiOwI&fs=e&s=cl

Postet:
2022-05-30 12:49:37

Delt innhold:
Passiv og bakpå
Man trenger ikke mange år på skolebenken for å skjønne at kombinasjonen av avlyst eksamen og slappere fraværsregler fører til flere tomme pulter.