Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2020-09-30 08:01:21

Landet treng fleire leger. 👩🏻‍⚕️👨🏼‍⚕️ Universitetet i Stavanger kan vere med på å utdanne fleire, i samarbeid med Universitetet i Bergen. Klarer dei dyktige folka i regionen vår å innfri naudsynte fagleg kriterier, kan dei søke om og få gradsrett. Eg har stor tru på at dei vil klare det! No vonar eg at høyreregjeringa kjem på banen i samband med statsbudsjettet og gjev støtte til saka.

Hadia Tajik
2020-09-25 18:22:24

Kor mange fleire milliardærer har Norge fått det siste året? 21. Aldri før har landet vårt hatt fleire steinrike enn no, samstundes som dei økonomiske forskjellane mellom folk rikfolk og vanlege folk aukar. Høyreregjeringa gjer det stadig lettare å tene pengar på å ha pengar, enn å tene pengar på å gå på jobben.

Hadia Tajik
2020-09-25 08:57:58

Formuesskattekutta til høgresida vil kunne auke forskjella mellom nord og sør, mellom bygd og by, og mellom fattig og rik. Les meir her:

Hadia Tajik
2020-08-28 22:09:05

I dag har eg feira heidersmannen Gunnar Berge sin 80-årsdag. Ein høgreist og lågmælt mann, som har gjennomført ei klassereise utan å miste seg sjølv. Som har vore stortingsrepresentant, nestleiar i partiet, parlamentarisk leiar, finansminister, kommunalminister - og hatt nasjonale verv i over 30 år. Han som støtt går opp på talarstolen lokalt - ikkje for å fortelje oss at alt var betre før. Men for å gje kontekst og innsikt som gjer at me forstår tida me lever i no, betre. Takk for alt du har gjort for fylket, landet og partiet, Gunnar 🌹 Du er ein jordnær og...

Hadia Tajik
2020-08-24 21:38:51

På fredag kom finanskomiteen til krystallklare vedtak om krav tilsetjinga av ein ny oljefondsjef må innfri. Når me i kveld får høyre at Nicolai Tangen avviklar sitt eigarskap i AKO, og flyttar pengar frå fond over til banken, er det teke viktige skritt for å sikre at det ikkje er interessekonfliktar som kan øydelegge tilliten og omdømmet til Norges Bank. Det framstår som signala frå eit einstemmig Storting er forstått, og det er eg i så fall glad for. På vegen vidare vil representantskapet til Norges Bank føre tilsyn på vegne av Stortinget på vanleg måte, for å sikre at...

Hadia Tajik
2020-08-23 11:56:46

Lyst til å høyre ein søndagsprat om kvardagslege ting heime hjå Else Kåss Furuseth? Eg har fått vitje ho og systera, Cecilie Ramona. Her finn du lenka. God lytting og god søndag! https://radio.nrk.no/podkast/the_kaass_furuseths/l_f1215b46-b3e4-43ee-a15b-46b3e413ee84

Hadia Tajik
2020-08-14 20:53:32

Arbeiderpartiet har vurdert kritikken mot tilsetjinga av ny sjef for Oljefondet grundig. I dag er me klare med vår konklusjon: Prosessen rundt tilsetjinga har vore lite tillitsvekkjande og i strid med Norges Bank sine eigne retningslinjer. Dette må det ryddast opp i. Oljefondet er for viktig til at det vere tvil om leiinga har interessekonfliktar med fondet vårt. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/8m3lk2/ap-har-bestemt-seg-tangens-interessekonflikter-ikke-forenelig-med-aa-lede-oljefondet

Hadia Tajik
2020-07-01 10:13:39

Ser du likskapen mellom #metoo og #blacklivesmatter? Eg er ny spaltist hjå Trønderdebatt, ei nysatsing frå fire aviser i Trøndelag, og fortel kvifor eg ikkje har følt for å dele eigne erfaringar med rasisme under debattane som har gått dei siste vekene. Meir enn noko anna trur eg folk som er utsett, anten det er for seksuell trakassering eller rasisme, no treng å sjå at samfunnet vil ta felles ansvar for å skape endring. https://www.tronderdebatt.no/svarte-liv-og-blanke-sannheter/o/5-122-70

Hadia Tajik
2020-06-27 14:49:10

Me vert ein til i familien. No er eg tre månader på veg. Kristian og eg gler oss veldig 👶🏻❤️

Hadia Tajik
2020-06-14 11:00:00

Veldig kjekt med nye fjes i Arbeiderpartiet! Tidlegare i vår hadde eg gleden av å bli litt betre kjent med tre nye medlemmar hos oss, Alida B. Kjellsen frå Lier, Maja Cvetkovic frå Åmot og Martin Morken frå Trondheim.

Hadia Tajik
2020-06-09 19:26:02

Vegen til det grøne skiftet går via olje- og industriarbeidarane. I dag var eg hjå Rosenberg Verft (Worley AS) og Aker Solution i Egersund for å heidre arbeidet deira, og snakke om kva oljeskatteendringa no må føre til: Arbeid i Norge, inntektar til staten og kutt i utslepp frå sokkelen.

Hadia Tajik
2020-06-08 15:53:33

I dag har Stortinget landa ei brei semje for «oljå». For Arbeiderpartiet har det heile vegen vore viktig å (1) sikre arbeidsplassar i Norge, (2) sikre inntektane til staten og (3) gjere naudsynte klimakutt. I starten var me ganske åleine om å påpeke at debatten om framtida til oljå må handle om meir enn berre skatt. No når semja er på bordet, kan fleire sjå kva Arbeiderpartiet har vore pådrivarar for: 🌹 Regjeringa må legge til rette for ilandføring til Veidnes 🌹 Bransjen må innafor endra skatteregime leggje vekt på leveringstryggleik, HMS-standarder på norsk nivå, fagarbeidarar og lærlingar 🌹 Det...

Hadia Tajik
2020-05-30 10:02:03

Det som gjorde at Jone Edland var sikker på at han høyrde heime i Arbeiderpartiet var erfaringa med fagrørsla og trepartssamarbeidet, hjå den tradisjonsrike plogfabrikken Kverneland i Rogaland. 45-åringen arbeider som teamleiar for vedlikehald og vertkøyskonstruksjon og har erfart i kvardagen kva rørsla har å seie for gutta på golvet. Høyr meir om kvifor Jone er sosialdemokrat her. (Merk at episoden er spelt inn før koronapandemien braut ut.)

Hadia Tajik
2020-05-29 17:20:41

Denne krisepakka er kraftløs og urettferdig. Igjen har regjeringa lagt fram ei pakke utan sosial rettferd. Dei kuttar i formuesskatten, slik at meir av rekninga for velferda vil hamne på vanlege folk. Slik bør det ikkje vere. Det er uforståeleg at i ei tid der vi har den høgaste arbeidsløysa sidan krigen, så foreslår regjeringa ingen nye arbeidsmarknadstiltak. Dette redder verken industrien, reiselivet eller kulturlivet. Norge treng løysingar som er meir rettferdige, meir klimavenlege og som får fleire folk i jobb, det kjem Arbeiderpartiet til å jobbe for.

Hadia Tajik
2020-05-28 09:11:09

"Arbeiderbevegelsen står samlet om at oljeselskapene må få utløst mer penger. I tillegg må industriarbeiderne få garantier om arbeid i Norge." https://www.nrk.no/norge/her-er-ap-forslaget-som-far-bade-fagforeningen-og-frp-til-a-juble-1.15031963

Hadia Tajik
2020-05-26 19:28:15

«Kven er Tuva Moflag?» kan det hende at unge jenter spør om mange år. Då kan du svare at Tuva, det er ho frå Arbeiderpartiet som gjekk saman med SV og Frp for å sikre kvinner rett til informasjon om svangerskapet sitt, for å likestille eggdonasjon med sæddonasjon, og for å gjere det mogleg for einslege kvinner å få hjelp til assistert befruktning. Tusen takk, Tuva, og alle i helsekomiteen som har jobba med dette 💪🏻🌹

Hadia Tajik
2020-05-20 12:15:33

No er oljeskatten på bordet. Ap vil gjere forbetringar i framlegget til regjeringa, slik at oljearbeidarar og arbeidsfolk i leverandørindustrien har jobbar å gå til. I tillegg vil me ha ein grønn skattereform for klimavennlege investeringar som fangst og lagring av CO2, havvind, hydrogen, plugging av brønner og grønn skipsfart. Me må klare å planlegge for framtida, samstundes som me redder viktige arbeidsplassar me har i dag! https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/lAq6kM/ap-krever-groent-skattekutt?

Hadia Tajik
2020-05-17 16:54:01

God 17. mai. Ta vare på flokken din. 🇳🇴🍓

Hadia Tajik
2020-05-15 16:06:53

Arbeiderpartiet vil redde arbeidsplassane til oljearbeiderane. Ikkje bukseselane til rike aksjonærar. Det viktigaste ved endringane i oljeskatten er at dei må sikre arbeidsplassar i Norge. Det kjem Arbeiderpartiet til å slåss for.

Hadia Tajik
2020-05-12 19:04:44

Det viktigstaste no er at arbeidsløysa er på det høgsta nivået på 75 år. Arbeid til alle må igjen verte jobb nr 1. 🌹 LO har føreslått lønnstilskudd for å få fleire lettare over i jobb. Det meiner Ap må vurderast. 🌹 No er det på tide å sjå permitteringar og kompensasjonen til bedriftane i samanheng - det må ikkje verte slik at bedriftar tapar pengar på å ta tilsette tilbake på jobb 🌹 90.000 arbeidsledige har ikkje fullført vidaregåande opplæring. Det må dei få. 🌹 Og me må sikre arbeidsplassane i industrien. Dei skapar store verdiar, utviklar kompetanse og...

Laster...
Laster...