Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
I dag har Stortinget landa ei brei semje for «oljå». For Arbeiderpartiet har det heile vegen vore viktig å (1) sikre arbeidsplassar i Norge, (2) sikre inntektane til staten og (3) gjere naudsynte klimakutt. I starten var me ganske åleine om å påpeke at debatten om framtida til oljå må handle om meir enn berre skatt. No når semja er på bordet, kan fleire sjå kva Arbeiderpartiet har vore pådrivarar for: 🌹 Regjeringa må legge til rette for ilandføring til Veidnes 🌹 Bransjen må innafor endra skatteregime leggje vekt på leveringstryggleik, HMS-standarder på norsk nivå, fagarbeidarar og lærlingar 🌹 Det må kome istand ei partsavtale om rekruttering av lærlingar, faste tilsette og langsiktig kompetansebygging og overføringsverdi til fornybar 🌹 Sysselsettingseffekt av skatteendringa må evaluerast innan 2023, selskapa må vise at dei leverer på det dei har lova: Jobbar i Norge 🌹 Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet må få meir pengar, minimum 20 mill kr meir allereie i haust 🌹 Utsleppskutt frå sokkelen må være på 50 prosent innan 2030 🌹 Nye krav til null- og lågutsleppsløysingar for offshorefartøy 🌹 Starte arbeidet for endringar i skatt- og avgift for å få til fleire klimavennlige investeringer, inkl karbonfangst og lagring, hydrogen, havvind, plugging av brønner og grøn skipsfart Utover dette inneber olje-semja at friinntekten er på 24 prosent. Tidsavgrensninga for kor lenge endringane gjelde er for prosjektar som er levert inn til departementet innan utgangen av 2022, og gjeld fram til prosjektstart. Diverre er det ikkje fleirtal for å setje grenser for utbytte eller å fryse bonus til leiarane i selskapa, slik Arbeiderpartiet ville. Men dette kjem me til å fremje eigne forslag om, fordi det er viktig å sikre at pengane som no vert utløyst går til det dei skal: Jobbar, ikkje utbytte.

Postet:
2020-06-08 15:53:33