Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
På fredag kom finanskomiteen til krystallklare vedtak om krav tilsetjinga av ein ny oljefondsjef må innfri. Når me i kveld får høyre at Nicolai Tangen avviklar sitt eigarskap i AKO, og flyttar pengar frå fond over til banken, er det teke viktige skritt for å sikre at det ikkje er interessekonfliktar som kan øydelegge tilliten og omdømmet til Norges Bank. Det framstår som signala frå eit einstemmig Storting er forstått, og det er eg i så fall glad for. På vegen vidare vil representantskapet til Norges Bank føre tilsyn på vegne av Stortinget på vanleg måte, for å sikre at reglar og retningslinjer vert fulgt. Me legg og til grunn at finansministaren følger opp sitt ansvar på eigna vis.

Postet:
2020-08-24 21:38:51