Beta
Søket ga 444 treff.
Hadia Tajik
2020-11-07 19:36:57

Demokratiet veks på sanning og vitenskap, det knekk under løgn og frykt. No har USA fått ein leiar som kjem til å byggje vegen vidare på det første, og dei har vald vekk ein som gjorde det siste. Måtte nyvald president Joe Biden klare å gjere gode ting for landet sitt. Samstundes er det stort å sjå nyvald visepresident Kamala Harris: Fyrste kvinne, fyrste svarte, fyrste med asiatisk bakgrunn i eitt av dei øverste verva i USA. Ei ny tid har starta. https://edition.cnn.com/2020/11/07/politics/kamala-harris-first-vice-president-female-black-south-asian/index.html

Hadia Tajik
2020-11-07 11:49:35

Arbeiderpartiet vil fjerne overprisa statlege gebyr. Det er usosialt og urettferdig at ungdom som skal ta teoriprøve for førarkortet må betale meir enn tenesten kostar, berre for at høyreregjeringa skal ha råd til å gje dei rikaste over 1 mrd kr i skattekutt. Det er ikkje rett måte å finansiere statsbudsjettet på. 💪🏻

Hadia Tajik
2020-11-06 18:02:49

For ei enkel jente frå Bjørheimsbygd var jo dette veldig kjekt å gå inn i helga med 🤩 Ikkje minst på ein dag som elles har hatt mange alvorlege nyhende. Pass på kvarandre folkens, hald avstand og vask hendene 🌼

Hadia Tajik
2020-11-05 13:26:30

No kjem det strengare smitteverntiltak. Dei må me alle bidra til å følgje. 😷 Arbeiderpartiet meiner det i tillegg er viktig at: 🌹 Økonomiske tiltak må følge smitteverntiltaka hand i hand. Me har ingen arbeidsplasser å miste. 🌹 Importsmitten må stanse no. Obligatorisk testing ved grensa må til. 🌹 Sårbare grupper som no risikerer å verte isolerte i sin egen heim, må få tett oppfølging. Les meir her: https://www.vg.no/i/VqqM96

Hadia Tajik
2020-11-03 18:43:46

Fleire stader i USA er dei no forberedt på sosial uro, konfliktar og valdelege hendingar. På grunn av eit demokratisk val? Nei. På grunn av ein mann. Fordi mange ikkje stoler på eit fredeleg og demokratisk maktskifte. Ikkje med Trump i spissen. Det er lett å forstå: Han ba valdelege, høgreekstreme om å «Stand back and stand by.» for berre nokre veker sia. Han har spreidd løgn og hat i fire år, og påverka både amerikansk offentleg debatt - og trendar i andre land. Amerikanske borgarrettar forma rettstekninga i mange land, inkludert Norge. Resultatet av dette valet i USA kan...

Hadia Tajik
2020-10-30 18:52:21

Her er ein til i grøn drakt som sit i trappa 🐸 God helg!

Hadia Tajik
2020-10-30 09:20:57

Arbeiderpartiet vil ta heile landet i bruk 👮‍♀️👷👩‍⚕️👩‍🌾👨‍🎓💪 Les meir om den nye planen vår for distrikta her:

Hadia Tajik
2020-10-29 19:46:12

For andre gong på kort tid har Frankrike opplevd det som framstår som eit målretta terroråtak. Heilt uskuldige menneske er drepne. Fyrst læraren Samuel Paty, som ville skulere elevane sine i ytringsfridom og demokrati, men vart halshogd for to veker sia. No: Ein kyrkjetenar, ei 70-år gamal dame og ei kvinne som fyrst vart hardt skadd, men seinare døydde. Norge har erfart terroråtak sjølv. Me kjenner sorgen og smerta til dei som er råka i Frankrike. Terroristar skal ikkje få skremme oss vekk frå verdiane våre. Me skal forme samfunna våre sjølv - med vekt på ytringsfridom, openheit og demokrati.

Hadia Tajik
2020-10-24 18:34:15

Æresvald må få større konsekvenser. Ap-kollega Masud Gharahkhani og eg vil endre lova, og ha fleire hjelpetiltak for ofre. Les meir her. 🌹

Hadia Tajik
2020-10-17 22:36:02

«Hugs at du er fantastisk», pleier Ina Libak å seie. I morgon går ho av som AUF-leiar. I kveld fekk eg gleda av å halde ‘takk for maten-talen’ til AUF sitt landsmøtet. Det finst ingen meir fantastisk gjeng 🌺

Hadia Tajik
2020-10-15 16:48:32

Denne helga kjem boka mi: "Frihet - en politisk og personlig historie". I morgon, hjå Lindmo, fortel eg litt om noko eg ikkje har fortalt før: Åra som ufrivillig barnlaus. Det er personlig - men og politisk. Kvinnehelse er underfinansiert og underprioritert. Sjå eit klipp her:

Hadia Tajik
2020-10-15 10:00:43

Det held ikkje at Erna Solberg takkar nei til å fly med Wizz Air, ho må doble fagforeningsfradraget i tillegg. Regjeringa må, om dei meiner alvor, leggje aktivt til rette for eit organisert og seriøst arbeidsliv. Arbeiderpartiet vil: 🌹 Doble fagforeningsfradraget 🌹 Fjerne den generelle adgangen til å tilsette folk midlertidig framfor fast, som dei sjølv innførte 🌹 Dei som har styringsrett over tilsatte må ha arbeidsgivaransvar, og arbeidsmiljøloven må endrast slik at dette vert eit prinsipp 🌹 Arbeidstilsynet må få meir pengar for å verkeleg få jobbe mot arbeidslivskriminalitet 🌹 ILO sine kjernekonvensjonar om arbeidstakarrettar må få forrang i...

Hadia Tajik
2020-10-13 18:32:42

Wizz Air vil ikkje ha fagforeningar. Då vil Arbeiderpartiet ikkje ha Wizz Air 💪🏻🌹

Hadia Tajik
2020-10-09 20:59:36

Dei aller rikaste betaler mindre skatt enn du gjer. Det er ikkje rettferdig. I Norge skal me yte etter evne. Er du einig?

Hadia Tajik
2020-10-07 18:30:09

Arven etter åtte år med Erna Solberg er større forskjellar mellom folk: Dobbelt så mange unge uføre, og snart dobbelt så mange milliardærar. Ap vil ha: 🌹 Målretta tiltak for å få folk i jobb 🌹 Rettferdig og trygg velferdsstat for alle 🌹 Kutte klimautslepp og skape jobber Sjå innlegget mitt frå tidlegare i dag her:

Hadia Tajik
2020-10-07 11:08:18

I dag kom statsbudsjettet til høyreregjeringa: 👊🏻 Dei gjer dyrare å vere sjuk fordi 800.000 nordmenn no vil få høgare egenandelar, og mens det vert billegare å vere milliardær 👊🏻 Dei gjev rikfolk over 1 milliard kroner i skattekutt, istaden for å bruke den same summen til høgare pensjonsutbetalingar slik Ap har foreslått 👊🏻 Dei gjer det dyrare å ha barn i barnehagen, ved å ha auka maksprisen omtrent like mykje som dei no vil auke barnetrygden Arbeiderpartiet vil ha fleire i trygge jobbar og få forskjellane mellom folk ned. Les meir her:

Hadia Tajik
2020-10-06 18:29:54

Meir til pensjonistane 🌹 Gjennomslag for Jonas og Arbeiderpartiet! 💪🏻

Hadia Tajik
2020-10-06 10:01:50

Tre raude lys for Erna Solberg - som Jonas tek opp i trontaldebatten i dag 🚦

Hadia Tajik
2020-10-05 16:28:01

Her er ei særskilt helsing til pensjonistane, bussjåførane og sjukepleiarane frå meg og Arbeiderpartiet 🌹 Det er innlegget mitt frå trontaledebatten i dag.

Hadia Tajik
2020-10-05 11:44:20

Kjem Høyre no til å innrømme at dei gjennom sju år har brukt milliardar på å auka forskjellene mellom folk gjennom skattekutt til dei rikaste, utan at det har gjeve landet fleire arbeidsplassar? I dag kom ein rapport Høyres sjølv har bestilt. Rapporten viser at det er auka formuesskatt som gjev arbeidsplassar, fordi det vil gjere det meir lønnsomt å investere i humankapitalen - altså arbeidsfolka i bedriften. Arbeiderpartiet fekk rett. No vil me ha gjennomslag for politikken vår - for arbeidsfolk, ikkje rikfolk. Les meir her:

Laster...
Laster...