Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Fleire stader i USA er dei no forberedt på sosial uro, konfliktar og valdelege hendingar. På grunn av eit demokratisk val? Nei. På grunn av ein mann. Fordi mange ikkje stoler på eit fredeleg og demokratisk maktskifte. Ikkje med Trump i spissen. Det er lett å forstå: Han ba valdelege, høgreekstreme om å «Stand back and stand by.» for berre nokre veker sia. Han har spreidd løgn og hat i fire år, og påverka både amerikansk offentleg debatt - og trendar i andre land. Amerikanske borgarrettar forma rettstekninga i mange land, inkludert Norge. Resultatet av dette valet i USA kan kome til å forme kva me forventer av eit demokrati i mange år framover. Eg vonar det går godt i USA i natt.

Postet:
2020-11-03 18:43:46