Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
For andre gong på kort tid har Frankrike opplevd det som framstår som eit målretta terroråtak. Heilt uskuldige menneske er drepne. Fyrst læraren Samuel Paty, som ville skulere elevane sine i ytringsfridom og demokrati, men vart halshogd for to veker sia. No: Ein kyrkjetenar, ei 70-år gamal dame og ei kvinne som fyrst vart hardt skadd, men seinare døydde. Norge har erfart terroråtak sjølv. Me kjenner sorgen og smerta til dei som er råka i Frankrike. Terroristar skal ikkje få skremme oss vekk frå verdiane våre. Me skal forme samfunna våre sjølv - med vekt på ytringsfridom, openheit og demokrati.

Postet:
2020-10-29 19:46:12

Delt innhold:
Tre personer drept i knivangrep ved Notre-Dame-kirken i Nice
Tre personer ble drept og flere skadet under et knivangrep i Notre-Dame-kirken i Nice. President Emmanuel Macron kaller det et «islamistisk terrorangrep». En 21 år gammel tunisisk migrant pekes ut som gjerningsmannen.