Austerbakkan, siste huset før Østbødalen går over til Søyådalen #surnadal #nordmøre #østbødalen #snø
Tre gradar i vatnet og sju minus i lufta; eg tok dei to første bileta medan eg var uti fjorden😊 Dette frå ei badeøkt ein time før midnatt i helga. Øving i sjølvdisiplin! Men faktisk ei stor oppleving også😊 #isbading #vinterbading #måneskin #måneskinn
Toleranse går fint hand i hand med faktakunnskap om kjønn. På Nettavisen.no finn de podkasten Ness, der eg understrekar at folk sjølvsagt må få føle seg som det dei vil. #kjønn #kjønnsdebatt #nettavisen
Vi aukar barnetrygda for alle i neste års statsbudsjett! I tillegg får dei som er forsørgarar åleine 5000 kroner meir i året. Viktig for alle barnefamiliar!💚🍀
Fint med rim😍 (Og hjelp meg gjerne: Kva for eit er finast, det første eller det andre?) #rim #frost #vinter
Måneskinsbad ein time før midnatt med stemningsfull frostrøyk😊 #vinterbading #vinter #måne #nordmøre #nordvik #surnadal
Eg har fylt år i dag og har kome halvveges til 94. Eg planlegg å stille opp i stortingssalen sjåande ut som på bileta i morgon, for vise at eg er passeleg fit for fight igjen🤩\n\nEin fan laga ein gong ein filmsnutt med ansiktet mitt ved hjelp av deepfake, av alle ting frå filmen Wonderwoman. Før eg forstod kva han hadde gjort, var eg oppriktig forundra over at det fanst ein skodespelar der ute som var så lik meg. I ansiktet vel å merke, så smekker kropp har eg aldri hatt😂 #fitforfight
Eg blar i eit album med gamle bilete og finn desse tre bileta av meg og litjbror min, Bernt. Det veksla mellom søskenkjærleik og krangling, som med søsken flest. Her ser det ut som om det var eg som var mest slitsam🙈 Cirka 1980🥰 #søsken #gamledagar #barndom
Redd for å bli blind? Det er eg òg. Veldig.\n\nRisikoen for å bli blind er liten. Men risikoen for å bli blind for det vakre og forunderlege som er rundt oss er stor - også om synet er i orden.\n\nGår vi til dømes med hovudet ned i mobilen i kvar ei ledig stund, kan vi umogleg ha sjela og sansane opne.\n\nHer er mobilen berre brukt som kamera, med flymodus på - og sjå kva eg fann i dei tilfrosne sølepyttane. \n\nDen lille nissen gler seg til jul, gjettar eg på. Skriv gjerne kva de ser:) #frost #vinter #iskunst
Eit glimt til av Plassen på Nordvik i november #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #haust #nostalgia #nostalgi
To glimt frå Plassen, nede ved fjorden på Nordvik i Surnadal. Svært velkomen novembersol etter regnsommaren her på Nordmøre. #nordvik #surnadal #nordmøre #møreogromsdal #norway #november #haust #låve
Med Høyres alternative satsbudsjett blir det: \n🛳 Dyrere og vanskeligere å frakte varer og ferdes over hele landet. \n🗺 Langt færre satsninger i distriktene. \n💵 De som har minst må betale mer. \n👮♀️ Svekket beredskap, med kutt i forsvar og trygghet.
Sjå vinter- og så sommarbilete frå to stader i dalen min ved å bla:) Det første er frå i dag. Eg driv nemleg med "helsereiser" inn i dalen der eg vaks opp denne veka, for å få skikk på skrotten no medan eg er sjukemeldt. Eg er så glad i dette dalføret der Østbødalen er den bebudde delen og der det heiter Søyådalen lenger innover. #østbødalen #søyådalen #minbarndomsdal #helse #natur
Denne veka skal eg klemme dette treet igjen. Eg er sjukemeldt ei veke og må rett og slett ta livet med ro for kroppen sin del. Det er eg ikkje god til, men dalen min bruker å få meg nedpå. Derfor skal eg dit, til Østbødalen der eg vaks opp, og den enorme grana på Ytterbakkan. #helse #talivetmedro #østbødalen
På tide å gråte litt? Vi kan underhalde oss i hel med alt som finst på Netflix, men mykje er også veldig nyttig og lærerikt. Eg føler at eg har vorte litt klokare av å sjå denne dokumentaren om Anne Frank og nokre jamaldrande av ho som overlevde holocaust. Å lære av historia er ikkje gjort ein gong for alle, vi må halde fram med det. #netflix #historie #holocaust #shoah #annefrank
Nei og nei og nei! (Obs! Før- og etterbilete.) Eg som var kjempestolt då eg tok det første biletet i går kveld🙄Eg hadde laga sitronfromasj for første gong i mitt relativt lange liv og kjente at husmorimaget styrka seg kraftig. (Det står dårleg til i utgangspunktet). Men no har sitronen rett og slett flykta og fromasjen flata ut. Inni den blaute massen der prøver ei frekk lita hand koma seg opp for å rette finger til meg😂 #humor #mislukka