Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Redd for å bli blind? Det er eg òg. Veldig.\n\nRisikoen for å bli blind er liten. Men risikoen for å bli blind for det vakre og forunderlege som er rundt oss er stor - også om synet er i orden.\n\nGår vi til dømes med hovudet ned i mobilen i kvar ei ledig stund, kan vi umogleg ha sjela og sansane opne.\n\nHer er mobilen berre brukt som kamera, med flymodus på - og sjå kva eg fann i dei tilfrosne sølepyttane. \n\nDen lille nissen gler seg til jul, gjettar eg på. Skriv gjerne kva de ser:) #frost #vinter #iskunst

Emneknagger:

Postet:
2022-11-27 12:14:45