Beta
Søket ga 7 treff.
2023-04-07 18:53:54

Det er ei tynn grense mellom eit begeistra «sjå her, eg bada klokka halv to i natt» og ufordrageleg sjølvskryt, men det får stå sin prøve😅 #påske #vinterbading

2023-03-04 11:46:28

Stemninga på badeplassen. Rart kva hobbyar ein kan få, men dagleg bading i fjorden er i alle fall av det oppkvikkande slaget😊 #vinterbading

2023-02-20 12:59:17

Litt spenning i kvardagen blir det når ein badar i fjorden og denne kjem dansande med bølgene😅 #vinterbading #nordvik #nordmøre

2023-01-13 21:26:13

Her er den bratte og glatte stien ned til badeplassen vår. Men vi badar helst i mørket for å kunne oppleva stjernehimmelen frå fjorden🤩 #isbading #vinterbading #nordvik #nordmøre #møreogromsdal #norway

2022-12-27 17:15:21

Dagens badestemning:) Rart kva ein venner seg på, men det gjer altså godt! #isbading #vinterbading #nordmøre #romjul

2022-12-11 17:34:55

Tre gradar i vatnet og sju minus i lufta; eg tok dei to første bileta medan eg var uti fjorden😊 Dette frå ei badeøkt ein time før midnatt i helga. Øving i sjølvdisiplin! Men faktisk ei stor oppleving også😊 #isbading #vinterbading #måneskin #måneskinn

2022-12-02 23:12:36

Måneskinsbad ein time før midnatt med stemningsfull frostrøyk😊 #vinterbading #vinter #måne #nordmøre #nordvik #surnadal

Laster...
Laster...