Beta
Søket ga 604 treff.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og kunnskapsminister Guri Melby holder pressekonferanse om koronasituasjonen kl. 14.00 onsdag 28.oktober. Sendingen kan også sees på regjeringen.no/id2777545/ #koronaNorge #korona

Hør statsråd Henrik Asheim og assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad snakke om korona og studenttilværelsen, svare på spørsmål, og hør hvordan arbeidet med den nye universitets- og høyskoleloven går. 29. oktober klokken 11 -13.

Vi trenger europeisk samarbeid for å løse de store samfunnsutfordringene 🇪🇺🤝🏽🇳🇴 Derfor vil regjeringen delta i Horisont Europa, EUs neste rammeprogram for forskning og innovasjon. Det gjør at bedrifter som Norled kan samarbeide og få støtte av EU for å utvikle utslippsfrie ferger i norske fjorder. ⛴️💚

Barn i barnehage og barneskole skal få lov til å ha bursdag eller halloween-fest sammen med kohorten fra barnehagen og barneskolen sin. Men før du inviterer til halloween-fest for de yngste, må du sjekke reglene der du bor. Kommuner med høy smitte bør oppfordre til digital fjernundervisning for studenter ved utdanningsinstitusjoner der det er mulig.

Kva gjer du viss eit nakenbilete av deg blir spreidd på nett? Kven ligg ansvaret på? Dette er ei av fleire problemstillingar elevane må ta stilling til i undervisningsopplegget "Bruk Hue", eit samarbeidsprosjekt mellom Telenor, Raude Kross og Unicef ❣ – Digital dømekraft er heilt grunnleggande for dagens ungdommar, og ein av fem grunnleggande ferdigheiter i læreplanane. Det er også eit felles ansvar å sikre at ungdom har gode digitale opplevingar. Eg er glad for at næringslivet tek eit ansvar for barn og unges digitale liv, saman med viktige aktørar som Raude Kross og Unicef, seier Guri Melby.

I dei nye læreplanane er vi opptatte av å verne om livet på jorda, og lære om korleis vi kan ta ansvarlege val og vere miljøbevisste. Ein ting som kan vere lurt, er å sortere søpla vår. Og sidan det er samisk språkveke no, har vi spurt nokre ekspertar i den samiske barnehagen i Oslo kva kjeldesortering heiter på samisk.

Blir det halloween i år? Kan ein gå "knask eller knep" og kan ein ha fest? Og er du redd for å bli smitta av barna som kjem på døra? 🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃🎃 Barnelege Margrethe Greve-Isdahl jobbar med smittevern hos Folkehelseinstituttet, og svarar barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på alle dei vanskelege spørsmåla. Les meir om Folkehelseinstituttet sine halloween-råd her: https://www.fhi.no/nyheter/2020/halloween-rad/ Regjeringa har også ei side der informasjon om barn og koronavirus er samla: regjeringa.no/foreldreinfo Ver obs på at det kan vere strengare reglar lokalt enn nasjonalt på grunn av meir utbreidd smittespreiing.

– For å unngå at elevar i karantene eller med milde symptom på luftvegsinfeksjon møter på skulen, vil vi forlenge unntaket i fråværsregelen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Det betyr at elevar i vidaregåande opplæring ikkje treng å dra til fastlegen for å dokumentere fråværet før til hausten 2021, dersom forslaget blir vedtatt. https://www.regjeringen.no/nn/aktuelt/regjeringa-foreslar-endringar-i-fravarsreglane-ut-skulearet/id2772769/

– Alle barn og unge skal ha rett til utdanning. Og gjennom Operasjon Dagsverk får norske ungdom moglegheit til å engasjere seg for å gi unge i andre verdsdelar utdanning, seier Guri Melby. Over ein million menneske har flykta frå krigen i Sør-Sudan til Nord-Uganda. Berre 30 prosent av ungdommane har gått på skule. Årets innsamling går til livsmeistringskurs for unge i Nord-Uganda. –Ved å bidra på OD-dagen kan du vere med på å gi ungdom moglegheit til å arbeide med traume, men ikkje minst også til å få ei utdanning, seier Melby.

Ikkje alle barn har like moglegheiter. Mange lever i familiar med lav inntekt. I dag la regjeringa fram ein ny strategi som skal hjelpe desse barna. – I skulen treff vi alle barn. I barnehagen nesten alle barn. Det gir oss moglegheiter og ansvar til å fange opp dei som treng det. Difor er skule, barnehage og SFO ein viktig del av denne strategien, seier Guri Melby i talen frå lanseringa.

Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020-2023) legges frem fredag 16. oktober. Følg lanseringen fra kl. 9.

Har du lånt utstyr i stedet for å kjøpe? I hele landet finnes gode utstyrssentraler hvor utlån er gratis. En av dem er Kirkens Bymisjon, Skattkammeret Ålesund, der barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad fikk møte barn og ungdommer som bruker tilbudet. I morgen lanserer regjeringen en samarbeidsstrategi for å gi alle barn like muligheter i oppveksten. Et viktig mål er at alle skal kunne delta på fritidsaktiviteter. Utstyrssentralene er med på å gjøre dette mulig. Du kan følge lanseringen av av strategien direkte på Facebook i morgen kl. 09.00. http://www.regjeringen.no/id2770155/

Fleirtalet av norske 15-åringar veit ikkje korleis dei kan finne ut om kjelder til nettsaker er pålitelege. Samanlikna med Danmark, Finland og Sverige er dei dårlegare på å finne ut om dei kan stole på ein avsendar. – Dette viser at vi har ei utfordring. I dag lever ungdomen ein større del av livet på nettet. Mange vil påverke tankane deira, og dei vil møte falske nyhende. Med dei nye læreplanane har kritisk tenking og kjeldekritikk fått mykje større plass i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mange-elevar-strever-med-kjeldekritikk/id2770624/

No skal fleire innvandrarar få formell opplæring tilpassa den kompetansen dei har med seg frå heimlandet 👩‍🏫👨‍🎓🧑‍🍳 – Vi må satse enda meir på utdanning, kvalifisering og kompetanse for at alle skal ha like moglegheiter, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Lurer du på kva du skal gjere dersom du blir seksuelt trakassert? Likestillings- og diskrimineringsombudet gir deg råd om korleis du kan handtere dette. Både som student og i arbeidslivet.

Mange studenter er ensomme og sliter med psykiske plager. Koronapandemien gjør det bare enda vanskeligere. Derfor har Erik, som er student ved OsloMet - Oslo Metropolitan University, laget appen Studievenn 🎓. Der kan man lage sosiale aktiviteter alle studenter kan bli med på – uansett hvilken skole man går på eller hvem man kjenner fra før. – Det Erik har gjort er kjempeflott. Vi har alle et felles ansvar for å bry oss om hverandre. Si hei og vær en venn, for de fleste av oss setter pris på å bli spurt om hvordan det går, sier forsknings- og høyere...

9. oktober i år ville Jens Bjørneboe blitt 100 år🎉 Han var ein forfattar som skapte debatt rundt skulen, og har hatt betydning for seinare utvikling av norsk skule. Bjørneboe utfordra skulesystem med romanen "Jonas" då den kom ut i 1955. – Bjørneboe gjorde noko viktig ved å sette søkelyset på negative sider ved dåtidas skule. Og som kunnskapsminister set eg stor pris på at vi har ein brei offentleg debatt om norsk skule. Det treng vi. For det handlar om det aller viktigaste, nemleg barna våre, seier Guri Melby.

Regjeringa ynskjer at fleire tilsette i barnehagane skal få sjansen til å fylle på kompetansen sin og bidra til at barnehagen dei arbeider i er med på utviklinga👨‍👧‍👧 Difor vil dei sette av 430 millionar kroner i #statsbudsjettet til å betre kvaliteten og kompetansen i barnehagane 🙌 – Dei tilsette i barnehagen skaper glede, nysgjerrigheit og viser omsorg kvar dag. Vi får stadig meir kunnskap om korleis barnehagen kan bli enda betre tilpassa barna. Difor meiner vi dette er viktig, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Les meir her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringa-satsar-pa-kompetanseheving-og-betre-kvalitet-i-barnehagen/id2769366/

No kan det bli lettare for fleire med innvandrarbakgrunn å lære seg norsk. – Nøkkelen til å bli integrert i det norske samfunnet, til å kunne fullføre studie og til å kunne få seg jobb, er språk, seier Guri Melby. Difor vil regjeringa sette av 5 millionar kroner i #statsbudsjettet til å styrke tilskotsordninga til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, og øyremerke desse til norsktrening. Les meir her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/styrkar-norskopplaringa-for-a-betre-integreringa/id2769545/

Laster...
Laster...