Person / Aktør:
Kunnskapsdepartementet (Norge)
Kunnskapsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Fleirtalet av norske 15-åringar veit ikkje korleis dei kan finne ut om kjelder til nettsaker er pålitelege. Samanlikna med Danmark, Finland og Sverige er dei dårlegare på å finne ut om dei kan stole på ein avsendar. – Dette viser at vi har ei utfordring. I dag lever ungdomen ein større del av livet på nettet. Mange vil påverke tankane deira, og dei vil møte falske nyhende. Med dei nye læreplanane har kritisk tenking og kjeldekritikk fått mykje større plass i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mange-elevar-strever-med-kjeldekritikk/id2770624/

Postet:
2020-10-15 10:54:03

Delt innhold:
Mange elevar strever med kjeldekritikk
Fleirtalet av norske 15-åringar veit ikkje korleis dei kan undersøke om kjelder til tekstar og nettsaker er pålitelege. Dei har mindre kunnskap om å avsløre spæm og om dei kan stole på avsendar enn elevar i Danmark, Finland og Sverige.