Innlegg:
Regjeringa ynskjer at fleire tilsette i barnehagane skal få sjansen til å fylle på kompetansen sin og bidra til at barnehagen dei arbeider i er med på utviklinga👨👧👧
Difor vil dei sette av 430 millionar kroner i #statsbudsjettet til å betre kvaliteten og kompetansen i barnehagane 🙌
– Dei tilsette i barnehagen skaper glede, nysgjerrigheit og viser omsorg kvar dag. Vi får stadig meir kunnskap om korleis barnehagen kan bli enda betre tilpassa barna. Difor meiner vi dette er viktig, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
Les meir her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringa-satsar-pa-kompetanseheving-og-betre-kvalitet-i-barnehagen/id2769366/
Emneknagger:
Postet:
2020-10-09 07:00:03