Beta
Søket ga 162 treff.
Terje Breivik
2021-08-26 08:33:35

Kommentator i Bergens Tidende, Hans K. Mjelva, har skrive nok ein svært lesbar og forvitneleg kommentarartikkel om eit samansett tema: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/66PmJ0/havvind-satsinga-krev-at-regjeringa-tenkjer-som-trump-noreg-foerst

Terje Breivik
2021-08-20 16:19:39

På dagens Oslo - måling er Norges fremste klima- og miljøpolitikar, Ola Elvestuen, inne på Stortinget. Saman med partileiar Guri Melby sikrar han miljøpartiet Venstre to stortingsrepresentantar frå Oslo. Då er det på sin plass med ein liten trudelutt til ære for Ola, og kjent som "Halvtolvstuen". https://www.dagsavisen.no/nyheter/stortingsvalg-2021/2021/08/20/ny-oslomaling-miljopartiene-fosser-fram/

Terje Breivik
2021-08-19 13:03:20

Til dei som eventuelt tvilar på om Venstre kan gjera eit godt val, her er ei måling som visar at det i høgste grad både er mogeleg og realistisk. For alle som er opptekna av klima og miljø er målinga og svært oppmuntrande: Det skal ikkje mykje til for at dagens blågrøne regjering fortset etter valet med eit større Venstre. Som då vil flytta regjeringa endå nærmare sentrum og betra vilkåra i Stortinget ytterlegare for fleirtal til fordel for klima, miljø og grøn vekst! #stemvenstre https://www.bt.no/nyheter/innenriks/i/rE8jv8/naa-glipper-flertallet-deres

Terje Breivik
2021-08-14 13:58:34

Valkampstart i Nordland i dag. Utruleg kjekt å oppleva entusiasmen, engasjementet og framtidsoptimsmen til 1. kandidat Ida Gudding Johnsen - Venstre og resten av Nordland Venstre! Dette vert det både røyster, grøn vekst og prima distriktspolitikk ut av. #stemvenstre

Terje Breivik
2021-08-14 10:19:37

Onsdag 25. august kl 19.00 brakar det laus med Terje Breivik Band på Internasjonalen. Då vert det rockeaften i den ekslusive sjangeren «politisk rock», kjemisk fri for anna agitasjon enn enkle gitariff, tung bass og tromming, krydra med tekstar om livet i politikken. Billettar: https://www.ticketmaster.no/event/668479?fbclid=IwAR1gf2hPDJ7GvSFFNW7HjgcQPjZCTZc9jVpNdJHKguUBc4-xo-EM9TxoAxc

Terje Breivik
2021-08-09 17:35:25

Ta gjerne turen til Internasjonalen 25. august kl 19.00. Då vert det rockeaften i den ekslusive sjangeren «politisk rock», kjemisk fri for anna agitasjon enn enkle gitariff, tung bass og tromming, krydra med tekstar om livet i politikken 😎

Terje Breivik
2021-08-06 09:17:51

All røynsle tilseier at Venstre først får full valuta for valkampmobiliseringa på sjølve valdagen. Å gjera kva me kan for at alle som førehandsrøystar og finn informasjon om Venstre kan difor vera forskjellen på eit ok val og eit prima val. Så her er det berre å lika og dela: https://www.venstre.no/artikkel/2021/06/24/her-er-venstres-12-valglofter/

Terje Breivik
2021-03-09 19:53:43

«Men på en dag hvor en flott 53 år gammel kar fra Slemmestad brått er revet bort, går tankene først og fremst til de nærmeste som sitter igjen», skriv Trygve Svensson flott og verdig på vegne av mange: https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/dlqB11/du-store-vennlige-kjempe

Terje Breivik
2021-03-08 08:06:23

8. mars er ein fin dag til å ta seg tid til å høyra Berit Kvæven fortelja om føregangskvinna Eva Kolstad. https://open.spotify.com/episode/3xGgQvpztpBzV1k4tJhvFF?si=0pSivZR8ThuEBpvc-oF4hg

Terje Breivik
2021-02-24 20:19:43

Verdas beste lokalavis, Avisa Hordaland og sjefsbladfyk Terje Hjartnes kan leggja ut rockevideoer utan at lyden vert forringa eller komprimert. Kudos! Her kan de nyta «Statskvinna», 60 - årsgåva til Erna Solberg, slik rock skal nytast: https://www.avisa-hordaland.no/nyhende/laurdag-kom-bestillinga-mandag-var-han-i-studio-hoyr-terje-breivik-sin-bursdagsrock-til-erna/

Terje Breivik
2021-02-24 18:45:15

I dag gratulerar me Erna Solberg med dagen. Her er gåva frå stortingsgruppene til KrF Kristelig Folkeparti, Venstre og Høyre https://youtu.be/Z-mVTwiSc1g

Terje Breivik
2021-02-19 18:25:08

Tusen takk til BA for ein svært hyggeleg attest! Sjølv vil eg sakna det gode samspelet, alle dei hyggelege besøka, og ikkje minst alle innspela eg og Venstre har fått opp gjennom åra frå ulike sektorar og institusjonar heima i vest. Heldigvis har eg enno 7 - 8 månader igjen som Stortingsrepresentant for Hordaland og Vestlandet. Det har vore eit eintydig privilegium, glede og gjevande ansvar frå første stund 😊

Terje Breivik
2021-02-12 11:31:21

På oppfordring frå debatttredaksjonen i Bergens Tidende om å laga eit innlegg i form av ein rockelåt, tok eg med meg Terje Breivik band i studio, fyrte opp Marshallen, kopla til Les Paulen, og her er resultatet: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/7Km6VV/venstre-topp-rocker-loes-mot-listhaug-og-vedum

Terje Breivik
2021-02-09 22:35:47

Det er all grunn til å juble over og helse velkomen planane Akvariet i Bergen i Bergen har: Å etablere ein verdsleiande kunnskaps- og formidlingsarena for havet og dei akvatiske miljøa. Det skriv eg, fylkespolitikar Tom Hiis Bergh og leiar i Bergen Venstre, Heine Johansen om her: https://www.venstre.no/artikkel/2021/02/09/no-ma-me-sta-saman-for-akvariet,/?fbclid=IwAR2eREPGeA2_lwPBzUfd74yeKxtvwPDnzR_5gm-WFhS-F_qsvrjCVpIObo4

Terje Breivik
2021-02-06 08:23:55

I dag gratulerar me Norges Bondelag og bøndene våre med 125 års - jubileum! Bonden og landbruksnæringa sørgjer ikkje berre for livsviktig og god mat, men skjøttar og held i hevd kulturlandskapet på framifrå vis. Me har stor respekt og takksemd for arbeidet alle dei dugande bøndene utfører dag etter dag, år etter år. Bondelaget og Venstre har mange felles røter, og ein felles historie me kan vera stolte av. Det gjeld nasjonsbyggjing og samfunnsorganisering, naturforvalting, eigendomsrett til sjølvstendige bønder og rettar for næringsdrivande. Me har hatt mange felles tillitsvalde både lokalt og nasjonalt. Partileiar og statminister Gunnar Knudsen var...

Terje Breivik
2021-02-04 10:43:17

EIn skulle tru at SP, av alle, var opptekne å skjøtta «gard og grunn« slik at neste generasjonar kan overta den i endå betre stand enn kva tilfellet var når me fekk ansvaret. Slik er det diverre ikkje: https://www.nettavisen.no/nyheter/vedum-angripes-fra-venstre-viktigere-a-sanke-stemmer-enn-a-ta-ansvar/s/12-95-3424084146

Terje Breivik
2021-02-03 08:41:08

I dag gratulerar me partileiar i Venstre , Guri Melby med dagen. Ein varm, tillitsvekkjande og uredd person og politikar. Me er stolte av deg!

Terje Breivik
2021-01-29 07:56:55

I Bergens Tidende i dag svarar eg på MDG sin smålege kritikk av korleis Venstre og regjeringja har handert koronakrisa: «Smått og populistisk av MDG Under overskrifta «Norge går baklengs inn i fremtiden» kjem MDG ved Arild Hemstad med ein tirade mot korleis regjeringa og Stortinget har handert koronakrisa. Rimeleg fri for nyansar, prøver MDG å slå politisk mynt på ei helsekrise ingen land har fasiten på å takla optimalt. At MDG meinar at oljekrisepakken var «uklok og reaksjonær», er forståeleg. Når Hemstad underbyggjer det med at «en stappet en sølvskje i munnen på oljenæringen og lot studenter, serveringssteder, fastlandsindustri...

Terje Breivik
2021-01-25 15:14:02

På torsdag har Venstre bursdag. Partileiar Guri Melby kjem. Det same gjer visepresidenten i EU, Magrethe Vestager frå Radikale Venstre. Kjem du og? https://www.venstre.no/artikkel/2021/01/25/venstre-137-ar-bli-med-pa-feiring-med-partileder-melby-og-eu-visepresident-vestager/

Terje Breivik
2020-12-19 16:24:39

Ei flott og verdig juleavslutning på Stortinget i det krevjande året 2020. Takk til alle som har stilt opp for andre og fellesskapet gjennom pandemien. På grunn av dykk, og kloke avgjerder av forgjengarane våre på Løvebakken, er det eit privilegium å vera folkevald i Noreg, sjølv i ei krise.

Laster...
Laster...