Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I Bergens Tidende i dag svarar eg på MDG sin smålege kritikk av korleis Venstre og regjeringja har handert koronakrisa: «Smått og populistisk av MDG Under overskrifta «Norge går baklengs inn i fremtiden» kjem MDG ved Arild Hemstad med ein tirade mot korleis regjeringa og Stortinget har handert koronakrisa. Rimeleg fri for nyansar, prøver MDG å slå politisk mynt på ei helsekrise ingen land har fasiten på å takla optimalt. At MDG meinar at oljekrisepakken var «uklok og reaksjonær», er forståeleg. Når Hemstad underbyggjer det med at «en stappet en sølvskje i munnen på oljenæringen og lot studenter, serveringssteder, fastlandsindustri og grønne næringer blø», vert det berre smått og populistisk. Alt tyder på at Norge så langt har handert koronakrisa rimeleg godt. Me er eit av landa som har færrast smitta, med eit helsevesen som har hatt kapasitet til å ta i mot dei som har vore alvorleg sjuke. Økonomisk har det og gått betre enn frykta, takka vera tunge, omfattande støtteordningar til næringslivet og kultur- og eventbransjane. Så er det desverre eit stort men som gjer at det er all grunn til å vera audmjuk og på vakt: Når me no vonlegvis nærmar oss slutten av krisa kan situasjonen framleis koma ut av kontroll. Difor er det framleis nødvendig med krevande restriksjonar. Det er og nødvendig med omfattande hjelpetiltak for bedrifter og andre råka. I godt samspel mellom regjeringa og Stortinget er haldninga at så lenge næringar og bransjar treng krisehjelp, skal staten stilla opp. Det skulle berre mangla. Venstre er samd i at oljekrisepakken AP, Frp og Sp trumfa gjennom var unødvendig gunstig. I staden for å forlata forhandlingsrommet, valde likevel Venstre heller å sikra at pakken inneheldt tunge, grøne verkemidlar: Krav om minst 50% reduksjon av klimagassutslepp på sokkelen innan 2030, og fleire milliardar i stimuleringstilskot til industrialisering av grøn teknologi. Saman med ei forpliktande opptrapping av CO2 - avgifta i Klimplanen og mange rause teknologiutviklingsordningar, lagar me ein grøn heimemarknad som aukar konkurransekrafta til industrien vår. Skal ein som miljøparti utgjera ein forskjell og bidra til reelle endringar, må ein vera villig til å søkja makt og forhandla med parti som ikkje er like opptekne av miljø. Difor er eg stolt av at Venstre har klart å bruka koronakrisa til både å gje nødvendig akutthjelp for hardt prøvde næringar, og å forsterka det grøne skiftet. Klimagassutsleppa går ned, og grunnlaget for trygge norske arbeidsplassar når krisa er på retur er betre enn nokon gong». https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/Vq4a84/smaatt-og-populistisk-av-mdg

Postet:
2021-01-29 07:56:55

Delt innhold:
Debatt: – MDG prøver å slå politisk mynt på ei helsekrise
Terje Breivik (V) kaller MDGs koronakritikk «smått og populistisk». Kva meiner du?