Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I dag gratulerar me Norges Bondelag og bøndene våre med 125 års - jubileum! Bonden og landbruksnæringa sørgjer ikkje berre for livsviktig og god mat, men skjøttar og held i hevd kulturlandskapet på framifrå vis. Me har stor respekt og takksemd for arbeidet alle dei dugande bøndene utfører dag etter dag, år etter år. Bondelaget og Venstre har mange felles røter, og ein felles historie me kan vera stolte av. Det gjeld nasjonsbyggjing og samfunnsorganisering, naturforvalting, eigendomsrett til sjølvstendige bønder og rettar for næringsdrivande. Me har hatt mange felles tillitsvalde både lokalt og nasjonalt. Partileiar og statminister Gunnar Knudsen var og leiar i Bondelaget, som den gong heitte Norges Landmannsforbund. Stortinsmannen og statsråden Halvard Eika var leiar av Bondelaget i heile 11 år. I dag har me og eit tett og godt samarbeid med Bondelaget både nasjonalt og lokalt, ikkje minst med Vestland Bondelag, her representert med leiar Anders Felde og nestleiar Peder Nernæs:

Postet:
2021-02-06 08:23:55

Delt innhold: