Innlegg:
NYNORSK I 138 ÅR: \n12. mai i 1885 slo Stortinget fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer som skal vere jamstilte skriftspråk i forvaltninga. \n \nDifor blir #nynorskdagen markert 12. mai. Denne dagen oppmodar Noregs Mållag, Norsk Målungdom og vi folk til å skrive nynorsk!\n \nTreng du litt hjelp med rettskrivinga? Eit godt tips er Ordbøkene som gir rettleiing i begge målformer, er gratis og lett å bruke https://ordbokene.no/ \n \nDet er Språkrådet (NO) og Universitetet i Bergen som står bak og arbeidet med å revidere ordbøkene har fått om lag 38 millionar kroner i støtte frå Kultur- og likestillingsdepartementet. \n \n- Vi er ei regjering som er levande oppteken av språkpolitikk, og for oss er det viktig å sikre gode vilkår for nynorsken. Det gjer vi på mange måtar – no sist ved å foreslå eit tilskot på 3 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum i samband med revidert statsbudsjett. Tilskotet går til deira arbeid med å auke kunnskapen og medvitet om nynorsk skriftkultur, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen
Emneknagger:
Postet:
2023-05-12 08:42:48
Delt innhold:
Ordbøkene.no - Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser skrivemåte og bøying i tråd med norsk rettskriving. Språkrådet og Universitetet i Bergen står bak ordbøkene.