Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Psykisk helse er ei av regjeringa sine største prioriteringar. No er folkehelsekampanjen «ABC for god psykisk helse» sett i gang!\n \nFordi aktivitet, sosial tilhøyrsel og engasjement i meiningsfulle aktivitetar bidrar til å fremme god livskvalitet og psykisk helse.\n \nMålet er at befolkninga skal kunne meir om psykisk helse, korleis fremme god psykisk helse og førebygge psykiske lidingar.\n \nFylkeskommunen i Trøndelag skal gjennomføre ein pilot først, som så kan bli ein nasjonal kampanje.\n \nRegjeringa styrkar arbeid med psykisk helse med 300 millionar kroner i statsbudsjettet for 2023.\n \n❤️ 150 millionar skal gå til nye tiltak for psykisk helse- og rusfeltet, og til helsestasjons- og skulehelsetenesta.\n \n❤️ 150 millionar kroner skal bli øyremerkt til sjukehusa for å styrka døgnbehandlinga i spesialisthelsetenesta.\n \nPengane inngår i opptrappingsplanen for psykisk helse som kjem i 2023. Planen skal førebygge betre og sørge for at hjelpa er lettare tilgjengeleg for dei som treng det.\n \n– Vi vil styrke og utvikle innsatsen spesielt overfor barn og unge og pasientar med alvorlege og samansette psykiske helse- eller rusproblem, seier helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n \n#psykiskhelse

Emneknagger:

Postet:
2022-10-10 08:16:57