Person / Aktør:
Rasmus Hansson
Rasmus Hansson
Parti: MDG

Innlegg:
Me treng ei matkastelov!\n\nTi prosent av menneskeskapte klimagassutslepp i verda kjem frå mat som går i søpla. Matsvinn er eit klima- og naturproblem, men teiknar også eit bilete av kor totalt urettferdig verda er. Ein tredel av all mat som vert produsert i verda kjem aldri til ein tallerken. Det er grovt uetisk at me i Noreg kastar tonnevis med mat i året medan folk i verda svelt.\n\nNoreg ligg dårleg an til å nå FN sitt berekraftsmål om halvering av matsvinn innan 2030. Rapporten for matsvinn i 2020 viser at bransja har bomma på sitt fyrste delmål. Matsvinnet vart redusert med skarve ti prosent sidan 2015.\n\nI Hurdalsplattforma lovar regjeringa å utarbeide ei matkastelov, men då eg i spørjetimen på Stortinget i går spurde matminister Sandra Borch når matkastelova kjem, svarte ho på same vis som Solberg-regjeringa har svart i årevis: Det må vegast opp mot hensynet til behova bransjane har. Ein lovnad om ei matkastelov har no vorte redusert til at regjeringa vil vurdere verkemidlar som “eventuelt ei matkastelov”. Regjeringa kjem altså ikkje i mål. \n\nI dag tenar butikkane mest på å kaste istadenfor å finne smarte løysingar for matoverskotet. Det gjer mellom anna at 109.000 gode, dagsferske brød går i søpla kvar einaste dag. Kvifor? Fordi det ikkje fins ei lov som regulerar det.\n\nSkal me redusere matsvinnet, ete meir av maten me produserar og kutte klimagassutslepp, treng me ei matkastelov som held produsentane til ansvar. Frivilligheit er bra, men ikkje nok.\n\n(Sjølvsagt på nynorsk i høve #nynorskdagen!)

Emneknagger:

Postet:
2022-05-12 17:33:47

Delt innhold: